Konkurransetilsynet har i dag gitt selskapa beskjed om at tilsynet tillet Norwegian sitt oppkjøp av Widerøe.
Marknaden for luftfart er viktig for norske forbrukarar, og Konkurransetilsynet har derfor undersøkt oppkjøpet grundig. Mellom anna har tilsynet henta inn og gått igjennom omfattande dokumentasjon frå partane og andre aktørar i marknaden.
Partane vart 17. november varsla om at tilsynet kunne komme til å stoppe oppkjøpet. Tilsynet var bekymra for at oppkjøpet kunne svekke konkurransen i marknaden i betydeleg grad. Etter partane sitt tilsvar har tilsynet gjort ytterlegare analysar og vurderingar. Tilsynet har no kome til at det ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for å stanse oppkjøpet.
– Det har vore nødvendig å gjere ei grundig vurdering av oppkjøpet. Vi har no konkludert med at dette oppkjøpet ikkje i betydeleg grad vil hindre effektiv konkurranse i den norske marknaden for luftfart. Derfor kan oppkjøpet nå gjennomførast, seier konkurransedirektør Tina Søreide.
Her kan du lese avgjersla til Konkurransetilsynet.
Konkurransetilsynet si sakshandsaming
– Melding motteke 11. august 2023
– Konkurransetilsynet varslar om behov for å sjå meir på oppkjøpet 15. september (lovpålagt 25-dagers varsel)
– Konkurransetilsynet varsla om at inngrep kan bli aktuelt 17. november 2023 (lovpålagt 70– dagars varsel)
– Partane kom med sine merknader til varsel 8. desember
– Konkurransetilsynet godtek oppkjøpet 21.desember.
Pressetelefon: 47 66 77 77