Ny episode av Konkurransepodden: Korleis påverkar algoritmar konkurransen?

 

Konkurransetilsynet skal undersøke korleis norske selskap nyttar algoritmar. Undersøkinga skal mellom anna gi svar på om bruk av algoritmar kan føre til uana konsekvensar for konkurransen.

Ei rekke norske selskap får i juni eit spørjeskjema frå Konkurransetilsynet, der dei bli bedne om å svare på kva for ein praksis dei har når det gjeld bruk av algoritmar. Dei som mottar undersøkinga er hovudsakleg selskap som driv med netthandel.

I fjerde episode av Konkurransepodden forklarar økonom Cathrine Evertsen kvifor det er interessant for norske konkurransestyresmakter å vite meir om korleis norske selskap nyttar algoritmar.

– Dei algoritmane me i Konkurransetilsynet er opptatt av er naturleg nok algoritmar som kan brukast på ein måte som påverkar konkurransen. Ein kan sjå for seg at algoritmar kan gjere det mogeleg for konkurrentar å få informasjon om prissettinga til kvarandre. Dette kan gjere det mindre attraktivt å sette ned prisane, og på sikt dermed dempe konkurransen, seier Cathrine Evertsen.

Evertsen seier at ein òg kan sjå for seg at bruk av algoritmar kan vere positivt for konkurransen. Mellom anna kan det gjere det lettare for forbrukarane å følgje med på tilbod i ulike marknader.

I denne fjerde episoden av Konkurransepodden forklarar òg konkurransedirektør Lars Sørgard kva norske styresmaktar kan gjere dersom internasjonale IT-gigantar misbrukar marknadsmakta overfor norske forbrukarar.

I tillegg får du forklart kva som eigentleg er bakgrunnen for dei tre milliardbøtene Google har fått av EU.

Du kan høyre episode 4 her. >>

Du finn òg Konkurransepodden der du føretrekk å høyre podcast, til dømes Itunes og Spotify.

Bilde av fire personer som sitter i podcast-studio
Økonom Cathrine Evertsen her sammen med konkurransedirektør Lars Sørgard.