Ny prismodell kan gje høgare mjølkepris og enda svakare konkurranse

Overgangen frå målpris til volummodell for mjølk kan gje uheldige konkurransemessige verknader i meierimarknaden, skriv Konkurransetilsynet i eit høyringssvar til Landbruks- og matdepartementet.

Konkurransetilsynet meiner at innføringa av volumprismodellen kan gje høgare prisar på mjølkeprodukt og dårlegare konkurranse i meierimarknadene framover i tid.

– Slik modellen er føreslått vil ein no ikkje ha eit forbrukarvern når ein set prisen på mjølk, noko som kan føre til høgare mjølkepris, seier avdelingsdirektør Beate Berrefjord, ved Konkurransetilsynet si avdeling for mat, handel og helse.

– Volummodellen vil gje den dominerande aktøren Tine kontrollen over råvareprisen, noko som kan hemme konkurransen i meierimarknadene. Tine har ei heilt spesiell og dominerande rolle i meierimarknadene, og når ein gir dei ein slik kontroll over konkurrentane sin råvarepris som volumprismodellen no legg opp til, vil endringa av prissystem kunne ytterlegare svekke ein allereie skjør konkurranse i desse marknadene, seier Berrefjord.

Overgangen frå målpris til volummodell for mjølk vart bestemt i jordbruksforhandlingane. Innhaldet i endringa er omtalt i høyringsnotatet, og Konkurransetilsynet har valt å knytte sitt høyringssvar meir overordna til dei konkurransemessige verknadene overgangen til volummodell kan føre med seg.

Konkurransetilsynet meiner det bør vurderast å innføre kontrollmekanismar knytt til innføringa av volummodellen slik at omsynet til forbrukar og sunn konkurranse blir tilstrekkeleg ivaretatt.

Du kan lese Konkurransetilsynet sitt høyringssvar her.

37949
Portrettbilde av Beate Berrefjord
Beate Berrefjord, avdelingsdirektør ved avdeling for mat, handel og helse i Konkurransetilsynet.

Pressetelefon: 47 66 77 77