Organisering og leiing

Konkurransetilsynet er leia av konkurransedirektør Tina Søreide. Direktøren blir utnemnd av Kongen i statsråd for seks år av gangen.

Konkurransetilsynet har ca. 110 tilsette og held til i Bergen.

Leiargruppa Pressebilete og kontaktinformasjon

Konkurransetilsynet er eit sjølvstendig myndigheitsorgan som arbeidar med grunnlag i lover og vedtak frå Stortinget, Regjeringa og Nærings-og fiskeridepartementet. Konkurransetilsynet deltek òg i eit omfattande internasjonalt samarbeid. Gjennom EØS-avtalen blir konkurranseregelverket til EU gjennomført i norsk rett.

 

Konkurranseklagenemnda er klageorgan for Konkurransetilsynet sine vedtak. Klager stilast til Konkurranseklagenemnda (KNS), men sendast til Konkurransetilsynet. Frå 1. juli 2023 har Konkurransetilsynet moglegheit til å reise søksmål om Konkurranseklagenemnda sine vedtak i overtredelsessaker.

Gå til Konkurranseklagenemnda si nettside.

Konkurransedirektør Tina Søreide.
Konkurransedirektør Tina Søreide.

Organisasjonskart:

Organisasjonskart. Konkurransedirektør øverst. Nedover på venstre side; Avdeling for mat handel og helse, avdeling for finans og kommunikasjon, avdeling for bygg, industri og energi. Nedover på høyre side; juridisk stab, økonomisk stab, data og analyse, administrasjon og organisasjon, kommunikasjon og PR.