Konkurransetilsynet innfører opplysningsplikt for dei fem største aktørane i marknaden for hurtig- og lynlading av elbilar. Det inneber at selskapa Mer, Recharge, Tesla, Eviny og Circle K no må melde frå til tilsynet om alle oppkjøp, fusjonar og andre føretakssamanslåingar.
Elbilar utgjer ein stadig større del av nybilsalet i Noreg, og marknaden for hurtig- og lynlading av el-bilar er i vekst.
– Vi ser at det fleire stader i landet er få aktørar som tilbyr hurtig- og lynlading, noko som gjer at forbrukarane mange stader har få tilbod å velje mellom, seier avdelingsdirektør Hanne Dahl Amundsen.
Opplysningsplikta gjeld både føretakssamanslåingar og kjøp av andelar i føretak som ikkje inneber overtaking av kontroll (minoritetserverv).
Andre aktørar, som Elbilforeningen og NAF, har peika på at det kan vere krevjande for elbilistar å orientere seg i marknaden. Det er mellom anna nemnt at det kan vere vanskeleg å samanlikne priser frå ulike tilbydarar, og at manglande moglegheiter for betaling med bankkort gjer ladinga meir komplisert.
Konkurransetilsynet skal no kartlegge marknaden for hurtig- og lynlading. Tilsynet vil mellom anna sjå på om det er velfungerande konkurranse i marknaden, noko som er viktig for å sikre forbrukarane eit godt ladetilbod til lågast moglege prisar. I kartlegginga vil tilsynet og sjå nærare på kva etableringshindringar som finst i marknaden.
Konkurransetilsynet har behov for å innhente informasjon frå aktørane i marknaden og har – i tillegg til å påleggje opplysningslikt for føretakssamanslåingar og minoritetserverv – sendt pålegg om å gje opplysningar til dei fem største aktørane; Mer, Recharge, Tesla, Eviny og Circle K.
– Ein føresetnad for velfungerande konkurranse i marknaden for hurtig- og lynlading er at elbilistane kan orientere seg om priser og tilbod og enkelt ha moglegheit til å bytte ladeoperatør. Elles vil det ikkje løne seg for ladeoperatørane å vere billigast og best, og aktørane kan dermed ende opp med å konkurrere mindre hardt, seier seniorrådgivar Ingvild Nordtveit.
Fakta:
Føretakssamanslåingar: Føretakssamanslåingar er fusjoner, oppkjøp og avtaler som fører til kontroll i andre selskap. Alle føretakssamanslåingar over gitte terskelverdiar er meldepliktige:
· Det er pålagd å melde føretakssamanslåingar om dei involverte føretaka til saman omsettar for over 1 milliard kroner i Noreg årleg.
· Det er likevel ikkje meldeplikt om berre eitt av føretaka har over 100 millionar i årleg omsetnad i Noreg.
Opplysningsplikt: Konkurransetilsynet kan påleggje opplysningsplikt for særskilte aktørar i einskilde marknader, medrekna minoritetserverv.
Opplysningsplikta sikrar at tilsynet blir informert om føretakssamanslåingar under terskelverdiane som desse aktørane er involvert i, og då vurdere om det er aktuelt å pålegge meldeplikt.
I dag har følgjande aktørar opplysningsplikt:
• Drivstoff: Uno-X Energi AS, St1 Norge AS, Certas Energy Norway AS og Circle K Norge AS
• Kraft: Statkraft AS, Eviny AS, Skagerak Energi AS og Agder Energi AS
• Avfall: Norsk Gjenvinning Norge AS
• Daglegvare: Norgesgruppen ASA, Coop Norge SA, Rema 1000 og Bunnpris IK Lykke AS
• Låsesmed: AssaAbloy Norge AS
• Avis: Amedia AS, Polaris ASA og Schibsted ASA
• Breiband: Telenor ASA
• Alarm: Verisure AS og Sector Alarm Group AS
• Vaskeri: Nor Tekstil AS • Hagesenter: Plantasjen Norge ASA
• Betong: Nordic Concrete Group AS, Heidelberg Cement Norway AS og Unicon AS
• Rekneskapssystem: Visma AS