Systemet med to faste felles prisjusteringsvindauge i daglegvarebransjen kan ha vore konkurransehemmande. Det viser ei utgreiing Konkurransetilsynet har gjort på oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet. Sannsynlegvis er det derfor positivt for konkurransen i daglegvaremarknaden dersom systemet no fell bort.
Konkurransetilsynet har greia ut sannsynlege verknader på konkurransen av prisjusteringssystemet som går ut på at leverandørane sine prisar til daglegvarekjedene endrast til faste datoar, 1. februar og 1. juli.
Tilsynet leverte rapporten til departementet i dag.
Konkurransetilsynet har funne fleire moglege konkurranseeffektar av prisjusteringssystemet, både på leverandørleddet og daglegvareleddet, og nokre effektivitetsgevinstar. Effektane har ulik styrke og sannsyn. Likevel meiner Konkurransetilsynet at effektane samla sett trekk i retning av å vere konkurransehemmande.
Prisstatistikk tilseier at forbrukarprisane historisk har auka meir enn leverandørprisane rundt prisjusteringsvindauga 1. februar og 1. juli. Etter toppunkta i februar og juli fell typisk matvareprisane. I ein marknad med velfungerande konkurranse er det ikkje gitt at prisane kunne auka meir enn kostnadsauka rundt prisjusteringstidspunkta.
Det er òg grunn til å tru at både daglegvarekjedene og dei største leverandørane har tent på prisjusteringssystemet, sidan systemet har eksistert så lenge.
– Utgreiinga vår viser at dei faste prisjusteringsvindauga sannsynlegvis har hemma konkurransen i daglegvaremarknaden, seier nestleiar ved Konkurransetilsynet si avdeling for mat, handel og helse, Magnus Friis Reitan.
Bakgrunnen for prisjusteringssystemet er ein bransjeovereinskomst frå 2001, som vart inngått mellom dei dåverande fire store daglegvarekjedene, og daglegvareleverandørforeininga DLF. Det blei mellom anna avtalt at endringar i leverandørane sine listeprisar skulle skje på faste tidspunkt gjennom året. Bransjeovereinskomsten vart sagt opp hausten 2005, men prisjusteringssystemet har fortsatt å eksistere fram til i dag. Tidlegare i år varsla Rema at dei ville gå vekk frå prisjusteringssystemet. Det er usikkert om Norgesgruppen og Coop vil fortsetje med systemet framover.
– Ved prisjusteringsvindauget 1. februar 2023 beslutta Kiwi å la vere å heve prisane på ei rekke varer og innførte i staden ein prislås på desse varane. Rema annonserte i juni 2023 at dei trekker seg frå prisjusteringssystemet. Det er sannsynlegvis bra for konkurransen om systemet no fell bort, seier Magnus Friis Reitan.
Konkurransetilsynet har i arbeidet med rapporten henta inn informasjon frå ei rekke aktørar i daglegvarebransjen, andre detaljistbransjar og andre europeiske konkurransemyndigheiter. Tilsynet har ikkje funne tilsvarande prisjusteringssystem i andre land eller andre marknader.
Som ledd i utgreiinga har Konkurransetilsynet òg engasjert professorane Espen R. Moen og Christian Riis ved Handelshøyskolen BI for å gjennomgå relevant økonomisk teori. Les rapporten deira her.