Årsrapport for 2012

Årsrapporten oppsummerar dei viktigaste resultata og aktivitetane til Konkurransetilsynet i 2012.

Mellom hovudpunkta kan ein nemne at:

• Tilsynet i 2012 greip inn i fire fusjonar. Tre av desse oppkjøpa – Telenor sitt oppkjøp av LOS, Mekonomen sitt oppkjøp av Meka og A-pressen sitt oppkjøp av Edda Media – enda med at tilsynet godkjende oppkjøpa på vilkår. I den fjerde fusjonen, Plantasjen sitt oppkjøp av Oddernes Gartneri, la Konkurransetilsynet ned forbod. Partane anka til departementet, som opprettheldt vedtaket.

• To saker som involverte ulovleg samarbeid var for retten i 2012. I saka om ulovleg anbodssamarbeid mellom Gran & Ekran AS og Grunnarbeid AS ga Høgsterett si tilslutning til at bøtenivået må leggast høgt for å verke preventivt, og at manglande kjennskap til konkurranselova ikkje er ein formildande omstendigheit for bedriftene. Den andre saka dreia seg om det tilsynet meinte var ulovleg samarbeid mellom to taxisentralar i Follo, noko Follo Tingrett ikkje ga medhald i. Konkurransetilsynet vurderar å anke denne avgjerdsla.

• Tilsynet var på fire bevissikringar i 2012. I to av desse assisterte tilsynet andre konkurransemyndigheiter, og to omhandla moglege eigne saker. I ei av tilsynet sine eigne saker var hovudfokus på misbruk av dominerande stilling, noko som reflekterer ei aukt satsing på dette området.

Rapporten er sendt over til Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet.