Årsrapport for 2016

Konkurransetilsynet har ferdigstilt årsrapporten for 2016. Den rapporterer til Nærings- og fiskeridepartementet og omverda korleis midlane var brukt i 2016, og kva resultat som var oppnådd. Eit hovudtema i rapporten er resultata av tilsynets arbeid, både direkte og indirekte verknader på konkurransen.

I sakene som er omtala i årsrapporten er det lagt hovudvekt på verknadene av tilsynets behandling og avgjersler. Det har vore høg aktivitet i 2016, med fleire tydelege vedtak som har hatt effekt både direkte i den enkelte sak og indirekte i form av førebyggjande verknader. Eit døme er Torghattens oppkjøp av Fjord 1, som vart stoppa. Det å vere strategisk synleg er også viktig for å fremje konkurranse og forhindre konkurranseskadeleg åtferd, skriv tilsynet i årsrapporten for 2016.

Tidligare i februar publiserte Konkurransetilsynet ein årsbrosjyre i anledning tilsynets 100-års jubileum.