Årsrapport for 2017

Konkurransetilsynet har oppnådd gode resultat i 2017, og har hatt høg aktivitet på etterforskingssida. Tre bevissikringar er gjennomført i høvesvis ølmarknaden, alarmmarknaden og avfallsmarknaden. I 2017 har tilsynet fatta to vedtak om ulovleg samarbeid og pålagd gebyr på til saman om lag 50 millionar kroner.

I 2017 var Konkurransetilsynet igjen eit tilsyn som berre fokuserer på konkurransereglane. KOFA-sekretariatet er skilt ut og blitt ein del av eit felles sekretariat for fleire klagenemnder. Den nye klagenemnda omfattar også Konkurranseklagenemnda.

Frå 1. april 2017 går alle klager på tilsynets vedtak til dette nye klageorganet. Regjeringa er ikkje lenger ankeinstans, og det er ikkje lenger rom for at regjeringa kan overprøve Konkurransetilsynets fusjonsvedtak ut frå allmenne omsyn.