Konkurransen i markedet for offentlig tjenestepensjon

Konkurransen i marknaden for offentleg tenestepensjon er avgrensa. Det er få som tilbyr produktet, og arbeidsgjevarane orienterer seg i liten grad i marknaden. Dette kjem fram i ein ny rapport frå Konkurransetilsynet.

Pensjonskontraktar for statleg tilsette og tilsette i helseføretak er per i dag ikkje utsett for konkurranse. I den kommunale delen av marknaden kan arbeidsgjevarane velje mellom tre tilbydarar. Der er konkurransen hard når det først blir gjennomført anbodskonkurransar. Problemet er at nesten ingen av kommunane gjer det – av om lag 450 kommunar og fylkeskommunar er det berre ti i året som gjennomfører anbodskonkurransar. Det er derfor eit stort potensial for sterkare konkurranse i denne marknaden, kjem det fram av rapporten.

Konkurransetilsynet har utarbeidd rapporten på oppdrag frå Fornyings-, administrasjons– og kyrkjedepartementet (FAD).