Relevante styresmakter Drosjemarkedet er regulert av fleire ulike styresmakter. Konkurransetilsynet Hovudoppgåva til Konkurransetilsynet er å handheva konkurranselova, og løyvepliktig drosjetransport er omfatta av konkurranselova. I tillegg handhevar Konkurransetilsynet to forskrifter med særregulering i drosjemarknaden. Dette er forskrift om takstutrekning og maksimalprisar og forskrift om dispensasjon frå konkurranselova for drosjesentralar. Konkurranselova Forskrift om takstutrekning og maksimalprisar Forskrift om mellombelse maksimalprisar for drosjetransport som ikkje er forehandsbestilt Forskrift om dispensasjon frå konkurranselova Pristiltaksloven Samferdselsdepartementet Samferdselsdepartementet har det overordna ansvaret for reguleringa av drosjemarknaden. Samferdselsdepartementet har mellom anna ansvar for yrkestransportlova med tilhøyrande forskrifter. Yrkestransportlova Yrkestransportforskriften Fylkeskommunene Fylkeskommunene har det administrative ansvaret for løyveordningene. Herunder utskriving av løyver m.m. Klagenemnda for offentlige anskaffelser Klagenemnda for offentlige annskaffelser (KOFA) er ein offentleg nemnd som gir rådgivande utsegner om regelverket om offentlege innkjøp. I tillegg behandlar KOFA klager om ulovlege direkte innkjøp. Forbrukertilsynet Forbrukertilsynet er eit offentleg organ som jobbar med å førebygge og stoppe ulovleg marknadsføring og urimelege kontraktar, og driv med tilsyn med marknadsføringa til næringsdrivande, standard kontraktsvilkår mv. Forbrukartilsynet handhevar mellom anna prisopplysningsforskrifta. Forbrukerrådet Forbrukerrådet er ein interesseorganisasjon for alle forbrukarar av varer og tenester i Noreg. Forbrukerrådet gir råd og rettleiing om forbrukarrettar. Justervesenet Justervesenet er eit direktorat med ansvar for regelverket innanfor måleteknikk. Justervesenet driv mellom anna med godkjenning av taksametera til drosjenæringa, og handhevar mellom anna forskrift om krav til taksameter. Politi og Statens vegvesen Politiet og Statens vegvesen utfører mellom anna kontroll etter yrkestransportlova. Det blir vidare kravd ordinær politiattest ved søknad om løyve etter yrkestransportlova, og dessutan at politiet utskriv køyresetel for løyvepliktig drosjetransport etter søknad. Frå 1. november 2020 må teoriprøve og oppkøyring til drosjeeksamen blir bestådd før det kan søkast om køyresetel. Teoriprøve og oppkøyring blir gjennomført hos Statens vegvesen. Sjå og: Politiet – kjøresetel for yrkessjåførar Statens vegvesen – drosjesjåførkompetanse Del på:Del på facebookDel på twitterDel på epostSkriv ut