Tina Søreide er i statsråd i dag utnemnd til ny konkurransedirektør. Søreide kjem frå stillinga som professor ved Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitenskap ved Noregs handelshøgskule (NHH).
– Konkurransetilsynet skal bidra til effektiv bruk av våre felles ressursar, ved å fremje konkurranse til fordel for forbrukarar og næringsliv. Med sin tunge fagbakgrunn, lange erfaring og breie nettverk, meiner eg Tina Søreide er riktig kandidat til å leie Konkurransetilsynet sitt arbeid framover, seier næringsminister Jan Christian Vestre.
Pressemelding frå Næring og fiskeridepartementet
– Konkurransetilsynet har ein viktig samfunnsfunksjon, og arbeider med eit krevjande og betydningsfullt område. Nå ser eg fram til å kome i gang, og til å jobbe saman med ein solid organisasjon, seier Tina Søreide.
Tina Søreide
Tina Søreide er i dag professor ved Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitenskap ved Noregs handelshøgskule, og har ein unik spisskompetanse i skjeringspunktet mellom jus og økonomi. Ho har doktorgrad i økonomi, og har særleg hatt fokus på korrupsjon. Ho har hatt ein treårs post doc stilling på juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen, og har skrive ein rekkje artiklar og bøker saman med juristar. Søreide har utført arbeid for ein rekkje internasjonale organisasjonar, inkludert OECD og Verdsbanken. Ho har vore aktiv i samfunnsdebatten i ei årrekke, og då særleg i spørsmål knytt til korrupsjon, og vant i 2020 formidlingsprisen ved NHH.
Tina Søreide er tilsett på åremål for seks år, og tiltrer stillinga som konkurransedirektør etter avtale.