Tips oss om reguleringar som hemmar konkurransen

Kjenner du til reguleringar og andre offentlege tiltak som kan avgrensa konkurransen mellom bedrifter? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Å påpeike konkurranseregulerande verknader av offentlege tiltak er ei av Konkurransetilsynet sine kjerneoppgåver. Med “offentlege tiltak” meiner ein ulike former for lover og reguleringar som utgjer rammevilkåra for føretaka.

– Konkurranse er ei viktig drivkraft for produktivitet og økonomisk vekst. Sunn konkurranse kjem forbrukarane til gode gjennom lågare prisar, god kvalitet og eit variert produktutval. På mange område eksisterer det likevel konkurransehemmande reguleringar som reduserer talet på aktørar, moglegheitene deira eller motivasjonen deira til å konkurrera i marknaden, seier Kjell Sunnevåg som er direktør for eksterne relasjonar i Konkurransetilsynet.

Sunnevåg understrekar at det òg kan finnast reguleringar som avgrensar valmoglegheita og informasjonsgrunnlaget til forbrukarane.

– Denne informasjonen vil vi gjerne bli kjend med og gjere ei vurdering av, sier Sunnevåg.

Tips oss gjennom vårt tipsskjema.

Portrettbilde av Kjell Sunnevåg som er direktør for eksterne relasjoner i Konkurransetilsynet.
Kjell Jostein Sunnevåg, direktør eksterne relasjonar i Konkurransetilsynet.

Kontaktinformasjon:

Kjell Sunnevåg, direktør for eksterne relasjoner i Konkurransetilsynet

Telefon: 900 48 548

Pressebilder >>