Vi har fått nye nettsider

Dei nye sidene er utforma på bakgrunn av tilbakemelding frå brukarane våre. – Målet har vore å skapa meir oversiktlige nettsider der den viktigaste informasjonen er lett tilgjengeleg for brukarane våre, seier konkurransedirektør Lars Sørgard.

Nye konkurransetilsynet.no er oppgradert med ny funksjonalitet. Du kan blant anna i oversyn over vedtak og utsegner gjere filtrering på paragrafar, og gjere søk som avgrensar seg innan lista over vedtak og utsegner.

Same søkefunksjon finn du i lista over fusjonar og oppkjøp, og dessutan at du der kan sortera meldingane på marknad.

– Denne funksjonaliteten har vore etterspurt frå advokatar og næringslivsleiarar gjennom brukarundersøkingar, og vi håpar at ny funksjonalitet kan effektivisera arbeidet for andre, seier Sørgard.

Konkurransetilsynet vil gjera nye brukarundersøkingar i tida framover. Eventuelle tilbakemeldinger på sidene kan sendast til Konkurransetilsynet på e-post: syts@kt.no.

 

Lars Sørgard, konkurransedirektør.
Konkurransedirektør Lars Sørgard.