Konkurransetilsynet fører vidare kravet om opplysningsplikt for særskilte aktørar i einskilde marknader der graden av lokal konkurranse er særleg sentral.
– I slike marknader kan også oppkjøp av mindre aktørar påverke konkurransesituasjonen negativt og føre til høgare priser og dårlegare tilbod til forbrukarane. Opplysningsplikta inneber at aktørane må gi opplysningar om oppkjøp som er under dei ordinære terskelverdiane for meldeplikt, seier konkurransedirektør Lars Sørgard.
Opplysningsplikta er tidfesta for ein periode på 2 år, altså fram til utgangen av 2020. Dei marknadene der nokre av aktørane har opplysningsplikt og der denne vil halde fram etter 1. januar 2019 er:
- Drivstoff (Uno-X Energi AS, St1 Norge AS, Certas Energy Norway AS og Circle K Norge AS)
- Kraft (Statkraft AS, BKK AS, Skagerak Energi AS og Agder Energi AS)
- Avfall (Norsk Gjenvinning Norge AS)
- Daglegvare (Norgesgruppen ASA, Coop Norge SA, Rema 1000 og Bunnpris IK Lykke AS)
- Låsesmed (AssaAbloy Norge AS)
- Avis (Amedia, Polaris og Schibsted)
- Breiband (Telenor)
Opplysningsplikta vil gjere at Konkurransetilsynet blir merksam på oppkjøp under terskelverdiane som desse aktørane gjennomfører.
– Konkurransetilsynet kan gripe inn mot oppkjøp som er under terskelverdiane dersom dei forverrar konkurransesituasjonen til skade for forbrukarane. Konkurransetilsynet er oppteke av god konkurranse til beste for forbrukaren, seier Sørgard.
Tilsynet vil vurdere om det er behov for å innføre opplysningsplikt for fleire aktørar. Dette er alltid ei kontinuerleg vurdering.