Vinnarar av Konkurransetilsynet sin masterpris 2025

Konkurransetilsynet har kåra årets vinnarar av masterprisane i konkurranseøkonomi og konkurranserett. Prisane blir delte ut til studentar som har levert særleg gode og fagleg sterke masteroppgåver innanfor tilsynets kjerneområde.

 

Pris for beste masteroppgåve i konkurranseøkonomi

Årets pris går til Hannah Høgenæs Klyve og Kasper Hoel frå Noregs Handelshøgskole (NHH) for oppgåva:
Overgangen fra målpris til volummodellen i meierisektoren – Hvordan rører regulering i melka?

Juryens grunngjeving:

Dette er ei svært sterk og sjølvstendig oppgåve som analyserer eit komplekst og tungt regulert marknad på ein klar og innsiktsfull måte. Forfattarane gir ei presis og systematisk framstilling av reguleringane i meierisektoren og nyttar relevante modellar som belyser korleis overgangen til volummodellen påverkar insentiv, konkurranseforhold og marknadsbalansering. Oppgåva kombinerer teori og institusjonell forståing på ein måte som gir reell ny innsikt i eit aktuelt reguleringsspørsmål. Det samla inntrykket er ei oppgåve av høg fagleg kvalitet som skil seg tydeleg ut.

 

Pris for beste masteroppgåve i konkurranserett

Vinnaren i konkurranserett er Markus Fjeldstad Reve frå Universitetet i Oslo (UiO) for oppgåva:

Denigration in the Pharmaceutical Industry Under Article 102 TFEU – In what circumstances does denigration constitute an abuse of a dominant market position under Article 102 TFEU, and what are the implications of this prohibition for a pharmaceutical undertaking?

Juryens grunngjeving:

Avhandlinga utmerkar seg med eit aktuelt og kreativt temaval. Villeiande utsegner eller påstandar om konkurrentars produkt eller tenester har tradisjonelt ikkje vore handheva konkurranserettsleg. Avhandlinga kombinerer klassiske dommar frå EU-domstolen med nyare praksis frå EU-kommisjonen og nasjonale konkurransemyndigheiter. Oppgåva rettar søkelyset mot ei problemstilling som truleg vil få ytterlegare merksemd framover.

 

Om prisen:

Konkurransetilsynet deler kvart år ut prisar til dei beste masteroppgåvene innan konkurranseøkonomi og konkurranserett. Målet er å stimulere til forsking og fagleg utvikling på område som er viktige for tilsynets arbeid. Bidraga innan konkurranserett er vurderte av professor Eirik Østerud ved UiO og juridisk direktør Karin Stakkestad Laastad i Konkurransetilsynet. Bidraga innan konkurranseøkonomi er vurderte av førsteamanuensis ved Oslo Met Simen Aardal Ulsaker og sjeføkonom Hans Petter Håvås Hanson i Konkurransetilsynet.

52005
52007