Vinnarar av masterpris 2022

Det er no klart kven som er vinnarar av Konkurransetilsynet sin masterpris for 2022. Håvard Henriksen frå Universitetet i Bergen vann prisen for beste oppgåve i konkurranserett, og Aleksander Østrem frå Handelshøgskulen BI vann prisen for beste oppgåve i konkurranseøkonomi.

Begge vinnarane fekk ein premie på 25 000 kroner.

Konkurranseøkonomi: Juryen si grunngjeving

Oppgåva som vann masterprisen innan konkurranseøkonomi er «Elektronikkprodusenters kontrakter i reparasjonsmarkedet – virkninger på samfunnsøkonomisk effektivitet», skrive av Aleksander Østrem ved Handelshøgskulen BI.

I vurderinga av oppgåva står det at denne oppgåva tar eit tverrfagleg perspektiv på eit område som er både viktig og aktuelt. Å gjere det enklare å reparere produkt er òg eit sentralt spørsmål knytt til berekraft. Særleg aktuelle er utfordringane knytt til korleis elektronikkprodusentar hindrar at uautoriserte reparatørar får tilgang til originale reservedelar og naudsynt teknisk informasjon. Østrem viser at sjølv om ein etter gjeldande rett ikkje kan rekne slike hindringar som konkurransehemmande samarbeid eller utilbørleg utnytting av dominerande stilling etter konkurranselovas §§ 10 og 11, indikerer den økonomiske analysen at denne tilgangsproblematikken likevel utgjer ein ineffektivitet i reparasjonsmarknaden (ettermarknaden) for elektronikk. Vidare viser Østrem at denne marknaden kan organiserast på ein meir effektiv måte ved å sjå på reservedelar og teknisk informasjon som ein essensiell fasilitet.

Masteroppgåvene er vurdert av ein komité av professor Øystein Foros ved Noregs Handelshøgskule (NHH) og sjeføkonom Jan Yngve Sand i Konkurransetilsynet.

Sjå video frå prisvinnaren:

 

Konkurranserett: Juryen si grunngjeving

Oppgåva som vann masterprisen innan konkurranserett er «Berekraft i konkurranselova § 10, tredje ledd», skrive av Håvard Henriksen.

I vurderinga av oppgåva blir det slått fast at komiteen særleg har verdsett avhandlinga sin analyse av utviklinga i praksis og policy i nyare tid. Avhandlinga inneheld òg interessante refleksjonar kring ulike rettslege moglegheiter for å ta omsyn til miljømessig berekraft i rettsbruken av forbodet mot konkurranseskadeleg samarbeid. I innstillinga blir det framheva at avhandlinga behandlar eit tema som står særskild høgt på den konkurransefaglege dagsordenen i Europa og i Noreg, samstundes som den analyserer eit breitt kjeldemateriale og viser god oversikt over den internasjonale fagdiskusjonen.

Masteroppgåvene er vurdert av en komité beståande av professor Eirik Østerud ved Universitetet i Oslo og juridisk direktør Karin Stakkestad Laastad i Konkurransetilsynet.

Sjå video frå prisvinnaren:

 

Vi gratulerer Håvard og Aleksander med prisane!

Illustrasjon av sjekk på kr 25.000 til beste masteroppgave.
Vinnere av Konkurransetilsynetsmasterpris mottar 25 000 kroner.

Om prisen

Hvert år siden 2004 har Konkurransetilsynet delt ut en pris til beste masteroppgave innenfor de to fagområdene konkurranseøkonomi og konkurranserett. Prisen er på 25000 kroner. Formålet med konkurransen er å øke studentene sin interesse for konkurransepolitikk og utvikle nettverket mellom akademia og tilsynet.