Vurderer å forby Norwegian sitt kjøp av Widerøe

Konkurransetilsynet fryktar framleis at konkurransen i den norske marknaden for luftfart blir svekka om Norwegian får kjøpe Widerøe. Tilsynet varslar derfor eit mogleg forbod mot oppkjøpet

15. september varsla Konkurransetilsynet at dei konkurransemessige verknadene av Norwegian sitt kjøp av Widerøe måtte undersøkjast nærare. Konkurransetilsynet har sidan dette henta inn og analysert ytterlegare informasjon frå selskapa og andre aktørar i marknaden.

Konkurransetilsynet si vurdering er framleis at konkurransen i marknaden for luftfart kan bli betydeleg svekka som følgje av oppkjøpet. Dette kan mellom anna føre til høgare prisar og færre avgangar for flypassasjerar.

– Marknaden for luftfart er ein stor og viktig marknad for norske forbrukarar. Oppkjøpet fører mellom anna til at vi går frå tre til to aktørar på fleire flyruter innanriks. Vi ser at det er reell risiko for at konkurransen i marknaden kan bli svekka på ein måte som fører til høgare billettprisar og dårlegare rutetilbod for norske flypassasjerar, seier konkurransedirektør Tina Søreide.

Konkurransetilsynet meiner det er fare for svekka konkurranse på flyruter der Norwegian og Widerøe i dag konkurrerer mot kvarandre. Dette gjeld til dømes direkterutene mellom Bergen og Stavanger og mellom Bergen og Trondheim. I tillegg gjeld det fleire indirekte ruter mellom stadar i Noreg der selskapa konkurrerer om å tilby flygingar med flybyte i Oslo eller Bergen.

I dag har Konkurransetilsynet sendt eit såkalla grunngjeve varsel til selskapa om at tilsynet vurderer å forby oppkjøpet. Varselet inneheld ei detaljert beskriving av tilsynet sine konkurransemessige bekymringar og er basert på ei førebels vurdering av bevisa i saka.

– Det er tre forhold som kan svekke konkurransen. Med berre to aktørar i marknaden kan det bli lettare å koordinere prisar på innanriksnettet. Det kan og bli dårlegare konkurranse på ruter der desse to selskapa i dag konkurrerer mot kvarandre. I tillegg er det fare for dyrare bakketenester for konkurrerande selskap på flyplassane Evenes, Alta og Kirkenes, seier prosjektleiar Katrine Amdam.

Norwegian har foreslått avhjelpande tiltak knytt til bakketenester. Sidan forslaget ikkje omfattar alle konkurranseskadane som tilsynet førebels har lagt til grunn i saka er ikkje dette vurdert å vere tilstrekkeleg til å godkjenne oppkjøpet.

Partane har no frist til 8. desember med å svare på Konkurransetilsynet sin førebelse vurdering. Tilsynet sin endelege frist for å fatte vedtak i saka er 3. januar 2024.

Konkurransetilsynet si saksbehandling

  • Melding motteken 11. august 2023
  • Konkurransetilsynet varslar om behov for å sjå meir på oppkjøpet 15. september (lovpålagt 25-dagers varsel)
  • Konkurransetilsynet varslar om at inngrep kan bli aktuelt 17. november 2023 (lovpålagt 70 dagars varsel) 
  • Frist for endeleg vedtak i saka 3. januar 2024
  • Sjå prosess for lovpålagt handsaming av fusjoner og oppkjøp
36924
Portrettfoto av Tina Søreide
Konkurransedirektør Tina Søreide.
403
Portrettfoto av Kathrine Amdam i Konkurransetilsynet.
Katrine Amdam, prosjektleiar

Pressetelefon: 47 66 77 77