Berekraft og misbruk av dominerande stilling​

Konkurransetilsynet vil ha ei aktiv handheving av konkurranselova § 11 for å hindre at dominerande bedrifter misbrukar sin posisjon på ein måte som skadar berekraft.

Dominerande bedrifter med marknadsmakt kan bruke sin posisjon i marknaden til å stengje konkurrentar ute. Marknadsmakt kan gje høgare prisar, dårlegare kvalitet og hemme innovasjon. Når dette hender i nøkkelnæringar eller innan spesifikke berekraftige produkt eller løysingar, får det negative følgjer for den berekraftige utviklinga.  ​

Kva type åtferd kan skade berekraft? ​

Det vil typisk kunne vere skadeleg for berekraft dersom ei dominerande bedrift som har store klimagassutslepp i produksjonen, nektar å levere ein essensiell innsatsfaktor til ein nykommarar eller konkurrent som har utvikla ein teknologi for reinare produksjon. Eit anna døme kan vere om den dominerande bedrifta inngår eksklusivitetsavtalar med kundar eller leverandørar som gjer at nykommaren eller konkurrenten ikkje vil kunne få eit stort nok kundegrunnlag, eller få tilgang til innsatsfaktorar til å kunna konkurrere. Denne type åtferd vil leggje til rette for at den dominerande bedrifta kan oppretthalde marknadsmakt, og til å oppretthalde dei store klimagassutsleppa. ​

Berekraft som ein mogleg effektivitetsgevinst​

Det vil ikkje vere eit misbruk dersom bedrifta dokumenterer at åtferda har objektivt rettferdiggjerande grunnar. I denne vurderinga kan det vere aktuelt å leggje vekt på berekraft som ei effektivitetsgevinst. Dette er eit snevert unntak. Mellom anna må åtferda ha vore objektivt naudsynt, forholdsmessig og komme kundane til gode. ​

I ei sak frå svenske Marknadsdomstolen hadde ei dominerande bedrift sagt opp ein kontrakt med ein konkurrent om tilgang til eige gjenvinningssystem. Bedrifta forsvarte seg med at det var naudsynt for å sikre ein høgare miljøstandard enn lova kravde. Retten kom til at bedrifta ikkje hadde dokumentert at målet ikkje kunne vore oppnådd på andre mindre konkurranseavgrensande måtar, til dømes gjennom ei reforhandling av kontraktar. Vidare slo domstolen fast at det ikkje var opp til bedrifta å bestemme kva miljøstandard som skulle gjelde.​

Illustrasjonsfoto av en person som holder en smarttelefon og lader en elbil

Eksempel på handheving av relevante saker

I 2006 bøtela EU-kommisjonen Tomra for å ha misbrukt si dominerande stilling, mellom anna gjennom eksklusivavtalar. Kommisjonen uttalte at Tomras utestengande misbruk kunne hindre nykommarar og skade innovasjon for panteautomatar, som er viktige for å handtere avfall på ein miljøvennleg måte. Les kommisjonens pressemelding om saka her.

I 2021 greip Britiske konkurransemyndigheiter inn mot bruk av eksklusivavtalar i marknaden for lading av el-bilar. I denne saka hadde ei dominerande bedrift inngått eksklusivavtalar med utleigar av areal langs motorvegen. Konkurransemyndighetene uttalte at avtalane kunne stenge ute andre ladeaktørar frå marknaden.​ Les pressemeldinga til CMA her.