Anbod om legemiddel på blåresept kan gi billigare medisin

Helse- og omsorgsdepartementet ønskjer å innføre anbodskonkurransar for legemiddel finansiert av folketrygda, såkalla legemiddel på blåresept. Dette vil kunne gi lågare prisar på ein rekkje legemiddel og er bra både for forbrukarane og det offentlege, skriv Konkurransetilsynet i eit høyringssvar.

Helse- og omsorgsdepartementet har på høyring eit forslag om endringar i legemiddelforskrifta og blåreseptforskrifta. Mellom anna foreslår departementet at det innførast anbod på eit utval legemiddelgrupper som behandlar det same, sjølv om dei har ulike verkestoff. Det vil seie patenterte legemiddel med ulike verkestoff, men som Legemiddelverket vurderer som likeverdige alternativ.

-Innføring av anbodskonkurranse på terapeutisk likeverdige legemiddel kan spare folketrygda for mellom 300 og 600 millionar kroner i året. I tillegg til reduserte utgifter for folketrygda kan anbodskonkurransar og bidra til at pasientane får lågare priser på medisinar. Konkurransetilsynet støttar derfor forslaget, seier økonom og fungerande nestleiar ved Konkurransetilsynet si avdeling for mat, handel og helse, Kathrine Tvedt Lavik.

Helsedepartementet anbefaler å starte med anbodskonkurranse på dei kolesterolsenkande legemidla, såkalla PCSK9-hemmarar. Dersom dette er vellukka vil andre legemiddelgrupper også kunne bli inkludert i anbodsordninga, mellom anna blodfortynnande legemiddel og migrenelegemiddel. Konkurransetilsynet er positive til at det planleggast å få fleire legemiddelgrupper ut på anbod og håper at det raskt vurderast ytterlegare legemiddelgrupper som kan setjast ut på anbod.

 

Du kan lese Konkurransetilsynet sitt høyringssvar her>>

36351
Kathrine Tvedt Lavik, Konkurransetilsynet
Kathrine Tvedt Lavik, Konkurransetilsynet

Pressetlf: 47 66 77 77