Opplysningsplikt drivstoffmarknaden

 

Konkurransetilsynet har pålagt dei største drivstoffaktørane opplysningsplikt, det vil seie Uno-X Mobility (UnoX og YX stasjonar), St1 Norge AS (Shell), Certas Energy Norway AS (Esso stasjonar) og Circle K Norge AS.

Opplysningsplikt inneber at selskapa må informere Konkurransetilsynet om alle føretakssamanslåingar dei er involverte i. Dette omfattar mellom anna fusjonar, oppkjøp og avtalar som gir påverknad i andre selskap.

I drivstoffmarknaden har Konkurransetilsynet pålagt opplysningsplikt mellom anna for å ha oversikt over når selskapa kjøper og sel stasjonar frå kvarandre. Dette er mindre oppkjøp, men dei kan vere viktige for lokal konkurranse. Kva stasjonar dei ulike selskapa eig kan også ha betydning for den nasjonale konkurransesituasjonen.

Opplysningsplikta er eit viktig verktøy for å følgje med på marknaden. I 2018 bøtela tilsynet derfor St1 for brot på opplysningsplikta i samband med overtakinga av ein bensinstasjon.