Øyvind Villanger har vunne Konkurransetilsynet sin masterpris i konkurranserett 2023. Avhandlinga handsamar eit særleg aktuelt og komplekst tema innan konkurranserett, nemleg utfordringane knytt til konkurranse på og mellom digitale plattformer.
Oppgåva til Villanger har tittelen Forholdet mellom art. 102 TEUV og Digital Markets Act – Om hvordan Digital Markets Act supplerer forbudet mot misbruk av dominans i art. 102 TEUV.
Komiteen si innstilling er tydeleg, og slår fast at oppgåva gjev ei djuptgåande analyse av samanhengar og skilnader mellom Digital Markets Act og forbodet mot misbruk av marknadsmakt i artikkel 102. Frå komiteen si innstilling heiter det mellom anna:
Avhandlinga utmerkjer seg spesielt med ein grundig, djuptgåande og sjølvstendig behandling av dei materielle reglane i Digital Markets Act.
Framstillinga er problematiserande, analyserande og metodisk bevisst . I slutten av avhandlinga gjer forfattaren innsiktsfulle og interessante refleksjonar om forholdet mellom og det framtidige samspelet mellom Digital Markets Act og artikkel 102 TEUV.
– Vi gratulerer Øyvind Villanger med prisen, og ser fram til å sjå korleis arbeidet hans vil påverke framtidige diskusjonar innan konkurranserett, seier juridisk direktør Karin Stakkestad Laastad i Konkurransetilsynet.
Komitèen som har vurdert masteroppgåvene har bestått av professor Eirik Østerud ved Universitetet i Oslo og juridisk direktør Karin Stakkestad Laastad i Konkurransetilsynet.
Sjå video med prisvinnaren:
Om prisen
Kvart år sidan 2004 har Konkurransetilsynet delt ut ein pris til beste masteroppgåve innan dei to fagområda konkurranseøkonomi og konkurranserett. Prisen er på 25 000 kroner. Målet med konkurransen er å auke studentane si interesse for konkurransepolitikk og utvikle nettverket mellom akademia og tilsynet.