Styring og kontroll i verksemda

Overordna vurdering av styring og kontroll i verksemda

Strategiplan for 2022-2027 styrer korleis Konkurransetilsynet jobbar: kva vi prioriterer og kva vegar vi tar i denne perioden. Strategiplanen heng saman med andre viktige dokument, som verksemdsplan, månadsrapportar og årsrapport, i tillegg til føringane i tildelingsbrevet. Dette gir oss ein klar plan for kva vi skal fokusere på og korleis vi rapporterer resultat.

Når vi tek avgjerder om styring av verksemda, ser vi på kva resultat vi ønskjer å oppnå. Dette inneber at vi stadig vurderer korleis vi bruker ressursane våre for å skape best mogleg verdi for samfunnet. Vi justerer våre metodar og prioriteringar basert på denne balansen.

Les meir om ressurbruk og resultatkjede her: Resultatkjede og ressursbruk

Konkurransetilsynet har ein løypande og konstruktiv dialog med avdelinga for konkurransepolitikk, selskapsrett og næringsøkonomi i Nærings- og fiskeridepartementet. Dialogen om effektane av arbeidet vårt står sentralt. I 2023 har fokusområda vore daglegvare, digitalisering, samt konkurranse og berekraft. Vi rapporterer om oppnådde mål i samsvar med krava i tildelingsbrevet og departementet sine bestillingar. Det ble gjennomført to etatsstyringsmøter i 2023.

Strategi- og verksemdsplanen vår omfamnar heile verksemda, og god internkontroll er ein føresetnad for å nå måla og ha god styring. Vi vurderer at vår internkontroll fungerer godt. Eit system for sikkerheit og avvikshandtering bidrar til effektiv risikovurdering og førebyggjande tiltak. Regelmessig og formålstenleg intern rapportering om økonomi og tidsbruk, samt systematisering av prioritering og evalueringar har saman med vidareutvikling av styringskompetanse bidrege til betre internkontroll i samband med styring. Internkontrollsystemet er dokumentert gjennom retningslinjer og kontrollprosessar, som dekker både saksbehandling og administrative prosessar. Vi jobbar kontinuerleg med å styrkje kompetanse og kultur innan informasjonstryggleik, etterleving av forvaltningslova, offentleglova og personvernreglar. Resultata frå klagesaker i Konkurranseklagenemnda bruker vi til å vurdere om det trengs tilpassingar.

Bemanning og organisasjon

Nøkkelkompetanse

Juss
økonomi
Kommunikasjon
Etterforsking
Informasjonsforvaltning
HR
IT

Arbeidsmiljø og kartlegging

I 2023 har verksemda arbeidd bredt med tiltak frå medarbeidarundersøkinga i 2022 (MUST). Vi har særleg sett søkelyset på forbetringar innan ytringsklima, leiarutvikling, samt kompetanse og læring. Dette er eit langsiktig arbeid vi vil halde fram inn i 2024.

Rundt 25 personar frå ulike leiarroller har delteke i to parallelle leiarutviklingsprogram som starta i 2022. Desse programma blir avslutta i første kvartal 2024, men lærdom og verktøy frå programma vil vi halde fram med å bruke i dagleg drift.

I tillegg til utvikling som skjer på arbeidsplassen og gjennom vidareutdanning og kurs, har tilsette delteke på konferansar, kurs og internasjonale møte digitalt og noko fysisk. Auka digitalisering har gjort det enklare å dele og heve kompetansen vår.

Nøkkeltal 2023 (2022)

Median ansienniet 8 år (8 år)
Gjennomsnittleg ansiennitet – 8,2 år (7,8 år)
Turnover – 8,9% (12%)
Sjukefråvær – 3,5% (4,1 %)

Fjernarbeid og desentralisert arbeid

Moglegheit for heimearbeid er no blitt ei permanent ordning, som både leiinga og arbeidstakarane er nøgd med. Vi ser mange fordelar med denne ordninga, men er òg merksame på behovet for ekstra innsats i samhandling og å skape sosiale møteplassar. Dette sikrar sterkare jobbtilknyting og betre trivsel. Temaet er jamleg på agendaen i ulike samarbeidsorgan, i vernerundar og i leiinga.

I rekrutteringa kan vi opne for at nokre stillingar ikkje treng vere baserte i Bergen. Ytterlegare desentralisering gjennom lokalkontor vurderast som ikkje formålstenleg ut frå storleik og korleis arbeidsprosessar er tett integrerte på tvers av tilsynet.

Rekruttere og behalde

I 2023 falt turnover til 8,9% frå 12% året før. Det er òg utfordringar med å rekruttere spesialkompetanse innanfor våre lønnsrammer. Dette gjeld mellom anna innan digitalisering. For å handtere desse utfordringane i ein konkurranseutsett arbeidsmarknad vil vi halde fram vårt strategiske arbeid for å behalde, utvikle og tiltrekkje oss den kompetansen vi treng for å utføre vårt samfunnsoppdrag. Eit eksempel er å vere synleg for potensielle nye arbeidstakarar er deltaking på karrieredagar, besøk av studentar og elevar og traineeopphald.

Bruk av konsulentar og kommunikasjonstenester

 

Konkurransetilsynet har ikkje nytta kommunikasjonstenester i 2023. 1,023 mill. kroner ble brukt på eit program for leiarutvikling på fleire ledd i verksemda.

I tillegg kjøpte Konkurransetilsynet andre konsulenttenester for 2,743 mill. kroner i 2023. Desse tenestene omfatta stort sett sakkyndig bistand til etterforsking og rettssaker, hjelp med undersøkingar som er oppgitt i det supplerande tildelingsbrevet, teknisk støtte til anskaffing av maskinlæringsplattforma og utviklinga av arkivsystem, og bistand til rekruttering.

Totalt sett svarar bruken av konsulenttenester til omtrent 3,8 årsverk i 2023.

 

Konsulenttenester 2021 2022 2023
Konsulenttenester 1 840 350 1 377 000 2 743 791
Konsulenttenester kommunikasjonsrådgjeving 14 637 156 792 0
Konsulenttenester til organisasjonsutvikling 14 700 30 000 1 023 659

Tryggleik og beredskap

Konkurransetilsynet skal innanfor sitt samfunnsoppdrag hjelpe næringslivet til å levere varer og tenester samfunnet etterspør, også under kriser. I 2023 haldt vi fram med systematisk arbeid med tryggleik og beredskap for å førebyggje hendingar som kan hindre oss frå å nå måla våre. Vi sikrar og dokumenterer tryggleiken etter Nasjonal strategi for digital sikkerheit med tilhøyrande tiltaksplan. Vi balanserer naudsynte tryggingstiltak og akseptabel risiko, utan at det går utover effektiviteten eller  hindrar oss i å nå måla våre.

Vi har satt i verk formålstenlege tiltak og gått gjennom beredskapsplanane våre for å styrkje motstandsevna vår. Sidan vi i 2023 vart bedne om å vere ekstra årvakne grunna den alvorlege  sikkerheitspolitiske situasjonen i Europa, har vi styrkt tryggleiken ytterlegare. Planen for krise- og beredskap følgjes opp og korrigerast løypande. I 2023 er det gjort ein utvida gjennomgang av krise- og beredskapsplanane. Planverket er oppdatert og følgjer anbefalingar i nasjonal strategi for digital sikkerheit.

Tryggingsarbeid i Konkurransetilsynet er risikobasert. Vi har gjennomført fire sikkerheitsøvingar for å sjekke at planane våre fungerer som dei skal. Avvikssystem og tryggingsøvingar bidreg til at vi oppdagar sårbarheiter og kan setje i verk tiltak som kan førebygge uønskte hendingar.

Miljø, berekraft og grøn omstilling

På området for offentlege anskaffingar er Konkurransetilsynet ein relativt liten aktør. Vi deltek i alle avtalar inngått av Statens innkjøpssenter. I konkurransar vi har på eiga hand inkluderer vi miljø- og berekraftskrav i den grad det er relevant for konkurransen.

I Statens innkjøpssenter sin avtale på forbruksmateriell er det lagt vekt på å redusere talet på bestillingar (og leveringar) ved at det er satt eit gebyr om den enkelte verksemd bestiller for under 1000 kr. I tillegg har Statens innkjøpssenter krav om aukande bruk av køyretøy med null utslepp i «last mile»-leveransane. 85% av innkjøpa til Konkurransetilsynet er miljømerka produkt.

Tilsynet nyttar reisebyråportalen Egencia for tilgang til flyreiseavtalene. Avtaleprisene kjem opp som øvste treff på sidene og ein høg del av tilsynet sine reiser bruker avtaleprisene som er inngått av Statens innkjøpssenter. Reisekostnadene har blitt reduserte med 24% frå 2019 til 2023.

Lokala våre har BREEAM-sertifisering. I tillegg er det lagt opp til omfattande kjeldesortering. Utleigaren sin leverandør av kantinetenester jobbar òg med å redusere matsvinnet, blant anna gjennom rapportering av kor mykje mat som blir kasta kvar dag.

Utleigar har installert solcellepanel for å kutte straumforbruket. Dei vart installert i 2023, men har fram til no vore i prøvedrift.