Bruk av resultatkjede

For å illustrere korleis ressursane våre fører til gode resultat, brukar vi ei resultatkjede. Resultatkjeda viser korleis ressursar blir brukte på ulike aktivitetar. Målet er å skape best mogleg nytte for tenestene eller produkta våre, for ulike brukarar og for samfunnet som heilskap.

Ei viktig brukargruppe er næringslivet og deira representantar. Ei anna gruppe er politikarar og lovgjevarar, og ein tredje er forbrukarane. Vi vil hjelpe dei å forstå korleis reglar og reguleringar påverkar konkurransen. Eit av måla våre er å fremje konkurranse som eit verkemiddel for å få lågare prisar og betre utval for forbrukarane, noko som vil ha positive effektar for samfunnet generelt.

Det kan vere komplisert å måle effektane av Konkurransetilsynet sitt arbeid. Forholdet mellom det tilsynet gjer og dei positive effektane i samfunnet er ikkje alltid direkte eller lett å sjå. Nokre effektar oppdagar vi gradvis, og det er ofte vanskeleg å måle dei. Resultatkjedemodellen viser likevel sambandet mellom kva vi brukar ressursar på, kva vi gjer, og kva resultat vi oppnår.

innsatsfaktorar→ aktivitetar→ produkt/tenester→ brukareffektar→ samfunnseffektar


INNSATSFAKTORAR

Samla tildeling for 2023 var 136,893MNOK. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. I 2023 arbeidde desse til saman 87,70 årsverk, og 76 prosent av dei tildelte midlane gjekk til lønn.


AKTIVITETAR

Konkurransetilsynet passar på at føretak ikkje samarbeider på måtar som skadar konkurransen. Tilsynet hentar inn og analyserer informasjon om ulike marknader for å sjekke om føretak konkurrerer på lovleg vis og om konkurransen er velfungerande til forbrukarane sin fordel. Tilsynet følger opp tips eller klager om moglege brot på konkurranselova, og rettleier føretak og advokatar om korleis konkurranseregelverket fungerer. I tillegg blir det kvart år vurdert over 100 oppkjøp eller fusjonar for å sjå om dei kan gjennomførast utan å skade konkurransen. Tilsynet vurderer om eksisterande rammeverk og føreslåtte endringar kan ha negative konsekvensar for konkurransen. Kvart år gir vi uttalar om forslag til nye regelendringar eller lovforslag for å sikre at dei sikrar sunn konkurranse. Kvart år gir vi uttalar om forslag til nye regelendringar eller lovforslag for å sikre at dei sikrar sunn konkurranse. I 2023 kom vi ut med 15 høyringsfråsegner. 


PRODUKT / TENESTER

Konkurransetilsynet grip inn når eit føretak bryt konkurranselova. Tilsynet kan gje bøter og personstraff for brot på lova, og kan krevje at føretak stoppar eller endrar avtalar som hemmar konkurransen. Tilsynet kan stanse oppkjøp eller fusjonar som skadar konkurransen. Om tilsynet er bekymra for at et oppkjøp eller ein fusjon kan skade konkurransen i ein marknad, kan føretak føreslå avhjelpande tiltak for å få gjennomført oppkjøpet eller fusjonen dersom det er mogleg utan at konkurransen blir skada. Tilsynet  er aktivt og synlege i ulike marknader og saker, for å vise at konkurransereglane gjeld alle marknader og næringar. Tilsynet er synleg i offentlegheita med kronikkar, høyringsfråsegner, utsegner i media og ved å halde foredrag. Vi seier frå når reguleringar i ein marknad bør endrast, for å sørge for at verksemder kan konkurrere betre.


BRUKAREFFEKTAR

Når føretak konkurrerer på ein lovleg måte, jobbar dei hardt for å tilby det beste for kundane sine. Dei prøver å bruke råstoff, pengar, arbeidskraft og transport på den mest effektive måten. Dette førar til at føretak blir meir oppfinnsame og tilpassar produkta sine til etter kva kundane vil ha. Resultatet blir at produkta og tenestene blir billegare eller av betre kvalitet. Konkurransetilsynet sine vedtak minner næringslivet om å halde seg innanfor konkurranselova. Dette har ein førebyggande effekt: føretak vil ikkje risikere bøter, dårleg rykte, erstatningskrav, personlege straffer eller fengsel. Tilsynet sitt mål er at føretak skal få ei betre forståing for kva som er lovleg og ulovleg samarbeid. Føretak kan tipse tilsynet om avtaler dei meiner kan vere skadeleg for konkurransen, og om dei sjølv er ein del av dei. Ved å melde frå, kan dei unngå eller få reduserte straffer. Politikarar og lovgjevarar får betre innsikt i korleis lover og reglar påverkar rammevilkår for konkurransen. Dei tek denne kunnskapen med seg og vil ta omsyn til dette ved endringar i regelverket.


SAMFUNNSEFFEKTAR

Dei konkurranseproblema vi tar opp, skal føre til positive endringar for forbrukarar og næringsliv. Når føretak opererer i marknader utan konkurransehindringar, blomstrar innovasjon og produktivitet. Sterkare konkurranse i marknadene fører til mindre økonomisk kriminalitet. Dette førar til større arbeidsmoglegheiter og gir forbrukarane tilgang til eit breiare utval av varer og tenester til betre prisar. Norske føretak blir meir konkurransedyktige også utanfor landets grenser. Ved offentlege innkjøp blir skattebetalarane sine pengar  brukt på ein betre måte. Det offentlege kan tilby varer og tenester av god kvalitet utan å betale meir enn nødvendig. Vår innsats sikrar at offentlege ressursar blir nytta effektivt, og at norske føretak står sterkt, både heime og internasjonalt.


Ressursbruk

Dei dyktige medarbeidarane våre, som er juristar, økonomar, og andre med spesialkompetanse, møter stadig nye utfordringar. Handheving i ein digital økonomi krev nye tilnærmingar, ny teknologi og meir ressursar.

I 2023 handterte tilsynet fleire saker om mogleg ulovleg samarbeid og misbruk av dominans.

Samanlikna med 2022, der vi såg ein auke i fusjonsmeldingar, opplevde vi ein fallande tendens i 2023. Vi avslutta 96% av fusjonssakene innan 25 dagar. Ein effektiv fusjonskontroll sparar ressursar for næringslivet og bidreg til velfungerande konkurranse.

Usikkerheita i den digitale økonomien, som er sterkt prega av nye forretningsmodellar og algoritmebasert prising, utfordrar oss stadig til å utvikle metodane våre for innsamling og analyse av data. I 2022 oppretta  vi tverrfaglege produktteam som har bidradd til forbetra effektivisering og kvalitet i dataanalysen. I mars 2023 etablerte vi ein eigen maskinlæringsplattform for analyse av eksterne og interne data.

Vi har nytta 2023 til å vurdere ein ny struktur på korleis vi arbeider med digitalisering. Opprettinga av ei ny eining for data og analyse blir iverksett frå 2024. Den skal utvikle løysingar og verktøy for å effektivisere arbeidet vårt, og integrere ny teknologi og arbeidsmetodar for å halde tritt med utviklinga i den digitale økonomien. Målet er ikkje å berre følgje med, men å vere eit steg føre i å handtere digitale utfordringar.

Sidan januar 2023 har medarbeidarane våre registrert prosjekttimer i løysinga frå DFØ. Dette verktøyet har vore eit viktig steg i å få betre oversikt og styring av ressursane våre. I 2024 vurderer Konkurransetilsynet å innføre eit nytt, meir avansert verktøy for effektiv prosjektstyring. Dette vil forbetre kapasiteten, og gi oss djupare innsikt i framdrift i prosjekt og ressursbruk, og mogleggjere meir presis rapportering og evaluering av prosjekt.