Vurdering av framtidsutsikter

Digitalisering og ein utfordrande geopolitisk situasjon vil halde fram med å setje sitt preg på rammene for handheving av konkurranselova. Det er klart at konkurranse er ein sentral del av løysinga på utfordringane. I denne situasjonen blir det viktig å leggje grunnlaget for konkurranse på like vilkår, og ha tilgjengelege og fleksible handhevingsreiskapar.

I dette biletet kan kunstig intelligens skape nye utfordringar og moglegheiter, både for konkurransen og for forbrukarane. Men på same måte som då internett var nytt, veit vi ikkje nok om konsekvensane. For å forsterke dei positive effektane, og unngå at kunstig intelligens forsterkar eller skaper nye konkurranseutfordringar, er det viktig at tilsynet er førebudd med rett kompetanse og reiskapar.

Handheving i den digitale økonomien

Digitalisering bidreg til omfattande teknologisk utvikling og innovasjon, og er ei viktig drivkraft for økonomisk vekst. Kunstig intelligens, god digital kompetanse og digital infrastruktur, saman med auka tilgjengelegheit og forsvarleg bruk av data, kan bidra til auka konkurranse og innovasjon.

For Konkurransetilsynet har det vore viktig å førebu seg for å handtere nye utfordringar som den digitale økonomien representerer, og samstundes utnytte potensialet for meir effektiv handheving.

Mellom anna har vi etablert ei eining for data og analyse som vil samle og bygge opp kompetanse retta mot kunnskapsbehova effektiv handheving i den digitale økonomien krev. I åra som kjem, skal eininga forsterke dei tradisjonelle handhevingsaktivitetane, auke omfanget av eigengenererte saker (ex officio), og utvikle nye verktøy for meir effektiv handheving. I 2024 vil vi utnytte moglegheitene kunstig intelligens gir, både gjennom maskinlæringsplattforma og anna saksbehandlingsstøtte. Ei spesiell utfordring er å få tilgang til og utnytte data i handhevingssamanheng. Vi vil særleg rette merksemda mot tilgang og analyse av data frå offentlege innkjøp for å styrkje fusjonskontrollen.

Den digitale økonomien som er prega av store plattformselskap med digitale økosystem understrekar tydinga av ei effektiv handheving og fusjonskontroll. EU har møtt utfordringane mellom anna med ny lovgjeving (DMA), som innførar åtferdsreglar for store plattformselskap for å fremje opne marknader og velfungerande konkurranse i den digitale sektoren. DMA styrkjer kontrollen med kva plattformselskapa som er underlagde lovgjevinga gjer med omsyn til fusjonar og oppkjøp. Fordi desse selskapa har aktivitet også i Noreg, er det viktig med gode samarbeidsmekanismar og at lovgjevinga dekkjer heile EØS-området. EU-kommisjonen sine reviderte retningslinjer for bruk av tilvisingar etter Artikkel 22 i EUs fusjonsforordning (EUMR) er eit godt døme på dette, der Konkurransetilsynet vil bruke moglegheitene for tilslutning der dette er aktuelt.

 

Effektiv fusjonskontroll

Ein effektiv fusjonskontroll er i seg sjølv avskrekkande. I Noreg har Konkurransetilsynet gode verktøy til å handtere fusjonskontroll. Framover er det likevel viktig å vurdere om fusjonskontrollen er innretta slik at den er tilstrekkeleg effektiv og avskrekkande, særleg fordi meir økonomisk aktivitet skjer gjennom digitale plattformar. Dette inneber fleire utfordringar, mellom anna at marknadsavgrensinga må reflektere digitale realitetar, at vi må få til å forstå nye typar konkurranseskade, at tilsynet får nok informasjon om oppkjøp og transaksjonar som kan vere skadelege, og at tilsynet har moglegheit til å gripe inn der det er klar risiko for konkurranseskade. For tilsynet blir det viktig å sjå til utviklinga i EU for å sikre at vår fusjonskontroll er relevant og oppdatert i høve til den økonomiske utviklinga.

Vidare er det viktig at tilsynet har verktøy for å gjere noko med konkurranseutfordringar i marknader der det har utvikla seg ein struktur som i liten grad fremjar konkurransen. Regjeringas forslag om å innføre eit marknadsetterforskingsverktøy i konkurranselova er eit viktig tiltak i denne samanhengen. Om dette blir vedteke, er det avgjerande at tilsynet har kapasiteten og ressursar for å bruke det effektivt slik at det ikkje treng å redusere anna sakshandsaming.

 

Effektiv reakjson mot lovbrudd

Konkurransetilsynet har satt i gang ein intern prosess for å vurdere korleis vi som organisasjon er tilpassa målsettinga om effektiv handheving av konkurranselovas forbodsføresegner. Blant anna handlar det om korleis vi avdekkjer lovbrot, samarbeider for å forstå skadepotensialet i ei sak, og planlegg effektiv sakshandsaming.

Betre vern av varslarar er viktig for tilsynets avdekking av lovbrot. I 2023 gjorde vi meir for å etablere sikre varslingskanalar og styrkje handsaminga av innkomne tips, og tidleg i 2024 starta tilsynet ei ny kampanje for å oppmuntre til tips. Framover vil vi fortsette arbeidet med å aktivt nå ut til nøkkelgrupper med informasjon om konkurranselova og dei rammene den setter. Sentralt i dette arbeidet står offentlege innkjøparar, og små- og mellomstore verksemder. Vi vil òg trekke på det etablerte samarbeidet med andre offentlege etatar, slik som A-krimsenteret i Vestland og andre plassar.

I tillegg til meir effektiv sakshandsaming, ser vi at personretta sanksjonar kan styrkje effekten av tilsynets arbeid for betre konkurranse. Moglegheit til å ileggje administrative sanksjonar overfor individ var på høyring i 2023, og vi ser fram mot avklaringar rundt regelverket på dette området.

For å sikre avdekking av lovbrot og effektiv sakshandsaming bør vi framover vurdere om lempingsordninga fungerer etter hensikta. Lempingsordninga skal beskytte dei som informerer tilsynet om eigne ulovlege samarbeid mot sanksjonar slik at dei ser grunn til å samarbeide med Konkurransetilsynet. Då lempingsordninga vart innført i konkurranselova i 2004, var det store forventningar om meir avdekking av ulovlege kartell. Likevel medførte ordninga utfordringar i Noreg som i andre land, særleg fordi lempingssøkjarar ikkje er skjerma for erstatningssøksmål og personlege strafferettslege konsekvensar for de involverte.

 

Rekruttere og behalde

Det er ein kjensgjerning at tilsynets medarbeidarar er vår viktigaste ressurs. For at Konkurransetilsynet skal lukkast med sitt samfunnsoppdrag, særleg når det gjeld effektiv handheving i den digitale økonomien, er det viktig å tiltrekke, utvikle og behalde medarbeidarar med relevant kompetanse.

For tilsynet er det det difor avgjerande å vere ein føretrekt og profesjonell arbeidsgjevar. Men arbeidsmarknaden, så vel som medarbeidaranes forventningar, er i stadig endring.

Tilsynets må derfor arbeide videre med å vere fleksibel med omsyn til heimekontor og arbeidstid, og strekke oss langt for å tilby konkurransedyktige lønsvilkår. Vi må vidareutvikle tilsynet som arbeidsplass for at det skal vere gode moglegheiter for kompetanseoppbygging, ulike karrierevegar og fagleg utvikling for leiarar og fagekspertar. Framover vil det vere viktig å jobbe vidare med å få eit godt ytringsklima og god kultur i organisasjonen, slik at tilsynet gjer det som er mogleg for å fremme motivasjon, god dialog i krevjande saker, og trivsel blant medarbeidarane.