Bruk av resultatkjede

For å illustrere korleis ressursane våre gir gode resultat, brukar vi ei resultatkjede. Resultatkjeda viser korleis ressursane blir fordelte på ulike aktivitetar, med mål om å skape størst mogleg nytte for brukarar og samfunnet som heilskap.

Viktige brukargrupper er næringslivet og deira representantar, politikarar og lovgjevarar, samt forbrukarane. Vi vil hjelpe desse gruppene med å forstå korleis reglar og reguleringar påverkar konkurransen. Eit av måla våre er å fremje konkurranse som eit verkemiddel for lågare prisar og betre utval for forbrukarane, noko som gir positive effektar for samfunnet.

Det kan vere utfordrande å måle effektane av vårt arbeid. Forholdet mellom aktivitetane våre og dei positive effektane i samfunnet er ikkje alltid direkte eller synleg. Nokre effektar kjem gradvis og er vanskeleg å måle. Resultatkjedemodellen hjelper oss likevel med å vise korleis vår ressursbruk, aktivitetane og resultata heng saman.

innsatsfaktorar→ aktivitetar→ produkt/tenester→ brukareffektar→ samfunnseffektar


INNSATSFAKTORAR

Samla tildeling for 2024 var 142,9 MNOK. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår, og vi arbeidde til saman 87,4 årsverk i 2024. 77 prosent av dei tildelte midlane gjekk til lønn.


AKTIVITETAR

Konkurransetilsynet passar på at føretak ikkje samarbeider på måtar som skadar konkurransen. Vi samlar inn og analyserer informasjon frå ulike marknader for å sjekke om føretak konkurrerer lovleg og om konkurransen fungerer til fordel for forbrukarane. Tilsynet følgjer opp tips og klager om moglege brot på konkurranselova, og vi rettleier føretak og advokatar om korleis konkurranseregelverket fungerer. Kvart år vurderer vi over 100 oppkjøp eller fusjonar for å sjå om dei kan gjennomførast utan å skade konkurransen. 


PRODUKT / TENESTER

Konkurransetilsynet grip inn når eit føretak bryt konkurranselova. Vi kan gje gebyr og melde personar for lovbrot, og vi kan krevje at føretak stoppar eller endrar avtalar som hemmar konkurransen. Tilsynet kan også stanse oppkjøp eller fusjonar som skadar konkurransen. Dersom vi er bekymra for at ei føretakssamanslutning kan skade konkurransen i ein marknad, kan føretak føreslå avhjelpande tiltak for å gjennomføre oppkjøpet eller fusjonen utan å svekke konkurransen. Tilsynet er aktiv i ulike marknader og saker for å vise at konkurransereglane gjeld for alle marknader og næringar. Vi er synleg i offentlegheita gjennom kronikkar, høyringsfråsegn, medieutsegn og foredrag. Tilsynet arbeider og for at reguleringar ikkje hemmar konkurransen, slik at verksemder kan konkurrere betre.


BRUKAREFFEKTAR

Når føretak konkurrerer lovleg, legg dei ofte ned meir innsats i å tilby det beste for forbrukarane og utnytte ressursane meir effektivt. Dette kan føre til lågare prisar, betre kvalitet eller begge deler. Konkurransetilsynet sine vedtak minner næringslivet om å halde seg innanfor konkurranselova, noko som har ein viktig førebyggande effekt. Målet vårt er at føretak skal få betre forståing av kva som er lovleg og ulovleg samarbeid. Føretak kan tipse tilsynet om avtaler dei meiner kan vere skadelege for konkurransen, og om dei sjølv er ein del av dei. Ved å melde frå gjennom lempningsordninga, kan dei unngå eller redusere gebyr. Vi bidreg også til at politikarar og lovgjevarar får betre innsikt i korleis lover og reglar påverkar konkurransevilkåra. Denne kunnskapen tek dei med seg når dei vurderer endringar i regelverket, slik at regelverket i større grad fremjar sunn konkurranse og forbrukarinteresser 


SAMFUNNSEFFEKTAR

Dei konkurranseproblema vi tar opp, har som mål å skape positive endringar for forbrukarar og næringsliv. Når føretak opererer i marknader utan konkurransehindringar, kan innovasjon og produktivitet blomstre, og økonomisk kriminalitet blir redusert. Dette bidreg til å skape fleire arbeidsmoglegheiter og eit breiare  utval av varer og tenester til betre prisar. Norske føretak kan bli meir konkurransedyktige både nasjonalt og internasjonalt. Ved offentlege innkjøp kan skattepengane bli nytta meir effektivt, slik at det  offentlege kan tilby varer og tenester av god kvalitet utan å betale meir enn nødvendig.