Fusjonskontroll som klimatiltak

Gjennom oppkjøp eller fusjon kan bedrifter oppnå auka marknadsmakt i nøkkelnæringar eller for berekraftige produkt eller løysingar. Det kan føre til høgare prisar, dårlegare kvalitet og hemme innovasjon, noko som vil ha ein negativ påverknad på berekraft. Konkurransetilsynet vil bruke fusjonskontrollen for å hindre at dette skjer.

Det kan vere negativt for berekraft dersom ei stor bedrift kjøper opp eit innovativt selskap som utviklar berekraftige produkt dersom følgjene er at innovasjonen stoppar opp i selskapet som blir kjøpt opp. Ein annan konsekvens kan vere at i fråvær av oppkjøpet ville det store selskapet òg innovert, og ein hadde fått konkurranse om innovasjon. Konkurransetilsynet har moglegheit til å gripe inn mot oppkjøp av små bedrifter som elles ikkje ville vore meldepliktige då vi kan påleggje meldeplikt for konkrete oppkjøp, eller opplysningsplikt for konkrete bedrifter.

Ved å hindre konkurranseskadelege fusjonar og oppkjøp, kan ein leggje til rette for at også mindre aktørar kan etablere seg. Det kan gjere det lettare for grøn innovasjon å få ein del av marknaden. Ein styrkar òg forbrukarane sin moglegheit til å velje grøne alternativ.

 

Berekraft som ein mogleg effektivitetsgevinst

Oppkjøpet eller fusjonen kan godkjennast viss bedriftene dokumenterer at oppkjøpet/fusjonen har effektivitetsgevinstar som veg opp for konkurranseskaden. I denne vurderinga kan det vere aktuelt å leggje vekt på berekraft som ein effektivitetsgevinst.

Det kan i nokre tilfelle vere bra at større bedrifter kjøper ny, grøn teknologi eller slår seg saman med ei bedrift som har bygd seg opp på å vere grøne, sjølv om konkurransen mellom dei to forsvinn. Oppkjøpet kan til dømes effektivisere utvikling eller produksjon av berekraftige løysingar grunna at bedriftene utfyller kvarandre og saman er meir effektive.

Det er særskilde krav som bedrifta må dokumentere at er oppfylte for å kunne vektlegge effektivitetsgevinstane. Effektivitetsgevinstane må mellom anna komma kundane til gode, vere transaksjonsspesifikke og dokumenterte.

Illustrasjonsfoto av grafer og kakediagram

Eksempel på handheving i relevante saker

I saka Dow/DuPont frå 2017, greip Kommisjonen inn mot eit oppkjøp mellom to nære konkurrentar innan forsking og utvikling. Kommisjonen meinte at oppkjøpet ville føra til reduserte insentiv til å innovere, og påla partane å selje ut ein del av verksemda før oppkjøpet kunne gjennomførast.

I 2020 gjorde Kommisjonen ei grundig vurdering av oppkjøpet mellom Aurubis/Montello i marknaden for kopar, før dei godkjente oppkjøpet. EU-kommissær Vestager uttala at “copper is an important input needed for electric mobility and digitisation. A well-functioning circular economy in copper is important to ensure a sustainable usage of resources in the context of the European Green Deal. This is why we carried out an in-depth investigation of the merger between Aurubis and Metallo”. Kommisjonen vurderte òg effektivitetsgevinstar i form av grøn innovasjon, men kom til at sjølv om det kanskje ville bli forbetringar i metallutvinning, og at i alle fall delar av det kunne komme kundane til gode, var det ikkje vist at innovasjons-gevinstane var transaksjonsspesifikke, verifiserbare og at dei kunne realiserast innan rimeleg tid. ​

I forbindelse med EU-kommisjonen sin vurdering av Hydros planlagte oppkjøp av konkurrenten Alumetal, har EU-kommisær Vestager vist til at konkurransedyktige grønne aluminiumsprodukt er avgjerande for å nå klimamål. Les heile kommisjonens pressemelding om saka her.