Det er naudsynt med forenkling og modernisering av regelverket for offentlege innkjøp. Samstundes er det viktig at data frå dialogen mellom innkjøpar og leverandørar blir sikra. Det kan gi verdifull innsikt i bruken av offentlege midlar og gjere det lettare å avdekke og hindre anbodsjuks.
Nærings- og fiskeridepartementet har ny lov om offentlege anskaffingar på høyring. Konkurransetilsynet støttar Anskaffelsesutvalget sitt forslag i første delutredning om å forenkle og modernisere regelverket, men meiner at det må leggjast større vekt på omsynet til konkurranse. Tilsynet meiner òg at det er naudsynt å sikre datagrunnlaget frå innkjøp som allereie er gjennomførte på ein betre måte. Det kan mellom anna gi betre oversikt over bruken av offentlege pengar, i tillegg til å avdekke og hindre ulovleg anbodssamarbeid.
– Godt fungerande konkurranse er ein føresetnad for effektiv og berekraftig bruk av samfunnet sine ressursar. I samband med det grøne skiftet er det dermed naudsynt med eit regelverk som også legg vekt på omsynet til konkurransen på sikt, seier Marion Stamnes, jurist i Konkurransetilsynet.
Velfungerande konkurranse kan bidra til auka innovasjon, for eksempel om meir berekraftige løysingar. Regelverket bør dermed sikre at omsynet til konkurranse blir vektlagt tungt i anbodsprosessar.
Konkurransetilsynet peiker på at grøne offentlege innkjøp kan føre til redusert konkurranse på kort sikt, men stimulere til meir innovasjon og konkurranse om berekraftige løysingar på lengre sikt. Bruken av skjønn og fleksibilitet for å ivareta grøne omsyn må ikkje avgrense konkurransen på ein slik måte at effektivitet og berekraft i realiteten blir hindra.
Tilsynet meiner at regelverket for offentlege innkjøp må sørge for at datagrunnlaget frå gjennomførte anbodsprosessar blir sikra og gjort tilgjengeleg for kontrollmyndigheiter. Samanstillingar av data frå leverte anbod kan til dømes vise mønster i boda som kan tyde på fiktive bod eller fordeling av oppdrag. Det kan òg gi betre oversikt over bruken av dei offentlege innkjøpsmidlane.
Les heile Konkurransetilsynet sitt høringssvar.