Konkurransetilsynet er positiv til endringar i regelverket for brukthandel, som vil gjere det enklare og meir føreseieleg å handle med brukte varer. – Eit viktig grep som fremmar berekraft, seier avdelingsdirektør Beate Berrefjord.
Nærings- og fiskeridepartementet har forslag til endringar i regelverket for brukthandel på høyring. Det blir foreslått å enten oppheve brukthandelslova og brukthandelsforskrifta eller å vedta ei ny lov med tilhøyrande forskrift. Årsaka er mellom anna at regelverket er lite tilpassa teknologisk utvikling og hindrar nye forretningsmodellar for handel med brukte varer.
Konkurransetilsynet er positiv til desse endringane og meiner dei vil redusere hindringar for etablering og legge til rette for god konkurranse i brukthandelsmarknaden.
– Dei foreslåtte endringane vil gjere det enklare og meir føreseieleg for næringsdrivande å drive handel med brukte varer. Det vil òg gje rom for utvikling av nye forretningsmodellar i marknaden. Dette er eit viktig grep som fremmar berekraft, seier avdelingsdirektør Beate Berrefjord i Konkurransetilsynet.
Brukthandelsbutikken Loppeliten i Bergen er eit godt døme på korleis dagens regelverk hindrar innovasjon og berekraftige forretningsmodellar. Butikken sel brukte klede, men har trunge dispensasjon frå brukthandellova for å kunne drive. Grunnen er at det ikkje er lov å selje varer vidare før dei har vore lagra i to veker, for å hindre vidaresal av stolne varer. Ifølgje høyringsnotatet har det variert frå politidistrikt til politidistrikt i kva grad aktørar innan brukthandel har fått dispensasjon, og dermed har konkurransen ikkje nødvendigvis vore på like vilkår.
– Føresetnaden for grøn omstilling er at vi får til god konkurranse i marknader der berekraftige løysingar står i sentrum. Brukthandelsmarknaden byggjer på sirkulærøkonomi, og det er viktig at verksemder som handlar med brukte varer ikkje blir hindra av utdaterte regelverk, seier Silje Hagen Sofienlund, jurist i Konkurransetilsynet.
I tillegg til bruktbutikkar bruker norske forbrukarar òg ulike digitale plattformer for å handle brukte varer. Døme på dette er Finn.no, Tise og Facebook. Privatpersonar som sel varer på desse plattformane er ikkje omfatta av dagens brukthandelslov. Tilsynet støttar endringar som vil gi like vilkår for alle som sel brukte varer, og at reglane blir like både for privatpersonar og næringslivsaktørar.
Du kan lese heile høyringssvaret her.
Pressetelefon: 47 66 77 77