Ofte stilte spørsmål

Maksimalprisregulering

Ifølgje forskrifta § 1 er løyvepliktig drosjetransport med motorvogn omfatta av forskrifta. Forskrifta gjeld likevel ikkje for drosjetransport der vilkåra er fastsette i avtale inngått etter forhandlingar mellom oppdragsgivar og tilbydar, eller avtale inngått etter anbodskonkurranse.

Kapittel 2 i forskrifta kjem ikkje til anvending på løyvepliktig drosjetransport i enkelte spesifikke område, eller for drosjetransport der det er fleire enn fire passasjerar.

 

Frå og med 1. november 2020 gjeld maksimalprisreguleringa i kommunar der fylkeskommunane kan eller faktisk tildeler einerett, jfr. yrkestransportregelverket. Det tyder at maksimalprisreguleringa vil gjelde i kommunar der det er færre enn 20 000 innbyggjarar eller folketettleiken er lågare enn 80 innbyggjarar per kvadratkilometer. Kva kommunar det ikkje kan tildelast einerett og som dermed er unnateke er tilgjengeleg på Samferdselsdepartementets sider.

Les meir i forskrift om takstberekning og maksimalprisar for løyvepliktig drosjetransport med motorvogn § 1 bokstav a.

Nei, det er ikkje høve til å få dispensasjon frå forskrift om takstutrekning og maksimalprisar for løyvepliktig drosjetransport med motorvogn. Det finst likevel enkelte unntak for heile forskrifta, eller delar av forskrifta. Desse kjem fram av forskrifta § 1 anna og tredje ledd.

Forskrift om takstutrekning og maksimalpris for løyvepliktig drosjetransport med motorvogn er heimla i lov 11. juni 1993 nr. 66 om pristiltak § 1.

Ifølgje pristiltakslova § 4 kan regelbrot straffast med bøter eller fengsel. Dersom forskrifta blir broten kan både Konkurransetilsynet og forbrukarar gå til politimelding av lovbrotet.

I område som er maksimalprisregulert er det ikkje tillate for drosja å ta høgare pris eller andre takstelement enn det som er fastsett i forskrift om takstutrekning og maksimalprisar kapittel 2. Dette gjeld likevel ikkje dersom det er fleire enn fire passasjerar i bilen. Dersom du har betalt meir enn det som er tillate etter forskrifta, kan forholdet bli meldt til politiet då det er politiet som har sanksjonsstyresmakt.

Har du tatt drosje/taxi i eit område som er unntatt maksimalprisreguleringa, har drosjene i utgangspunktet fri prisfastsetjing. Det følgjer likevel av pristiltakslova § 2 at det er “forbode å ta, krevja eller avtale priser som er urimelege”. Dersom du meiner å ha betalt ein pris som er urimeleg i samsvar med lova, kan dette meldast til Politiet som har sanksjonsstyresmakt.

Les meir i pristiltaksloven.

Dei til kvar tid gjeldande maksimalprisane for drosjetransport i dei prisregulerte områda finn ein i forskrift om takstutrekning og maksimalprisar for løyvepliktig drosjetransport med motorvogn, kapittel 2. 

Takster

Med parallelltakst meiner ein at prisen for drosjeturen blir rekna ut ved at tidstakst og avstandstakst går samtidig under heile turen. Tidstakst er prisen som drosja tek betalt for tida du disponerer bilen. Avstandstakst er prisen drosja tek for den distansen du har disponert bilen.

Døme på prisutrekning med parallelltakst for ein gitt drosjetur:

Turen er 10 km lang og tek 15 minutt. Utrekning etter parallelltakstsystemet:

Pris = Starttakst + (15 minutt x tidstakst per minutt) + (10 km x avstandstakst per km)

Les meir i forskrift om takstutrekning og maksimalprisar for løyvepliktig drosjetransport med motorvogn.

Utgangspunktet er at løyvepliktig drosjetransport med motorvogn som er omfatta av forskrift om takstutrekning og maksimalprisar skal nytte parallelltakst. I staden for parallelltakst kan prisen for drosjetransporten bli fastsett av drosjetilbydar i eit pristilbod eller ved ein på førehand bestemt fastpris for ei gitt strekning.

Kunden skal betale det som gir den lågaste totalprisen for turen av eit eventuelt pristilbod, ein fastpris som eventuelt blir tilbode på strekninga og parallelltakst med eventuelle tillegg.

Les meir i forskrift om takstberekning og maksimalprisar §§ 1, 2 og 3.

Nei, drosjene er ikkje pålagt å tilby fastpris. Kunden skal derimot betale det som gir den lågaste totalprisen for turen av eit eventuelt pristilbod, ein fastpris som eventuelt blir tilbode på strekninga og parallelltakst med eventuelle tillegg.

Ler meir om dette i forskrift for takstutrekning og maksimalprisar for løyvepliktig drosjetransport med motorvogn § 3.

Nei, drosjene kan ikkje differensiere takstane etter varigheita til turen, strekning eller geografisk område. Dette inneber at det ikkje er tillate å ha høgare tids- og/eller avstandstakst i byrjinga av turen, eller at den endrar seg i løpet av turen.

Sjå forskrift om takstutrekning og maksimalpris for løyvepliktig drosjetransport med motorvogn § 4 bokstav b.

Med tilkøyring meinar ein køyring utan passasjer frå staden drosjebilen er ved byrjinga av oppdraget, og fram til staden der passasjeren blir henta. I prisregulerte område kan drosjesjåførane berekne prisen ved køyring utover 10 kilometer frå næraste haldeplass. Ifølgje forskrifta kan ikkje prisen overstiga tilkøyringsvederlaget frå næraste drosjehaldeplass til hentestaden.

Dette tyder at dersom tilkøyring frå næraste haldeplass kostar 100 kroner, kan ikkje prisen overstige dette sjølv om drosja er lengre unna hentestaden enn næraste haldeplass.

Tilgangen til å berekne tilkøyringsvederlag kan illustrerast ved hjelp av følgjande figurar:

A er stedet drosjen befinner seg ved oppdragets begynnelse, og B er hentestedet. Det er 15 kilometer fra A til B. Avstanden fra nærmeste holdeplass til B er 17 kilometer. I dette tilfelle kan det kun beregnes tilkjøringsvederlag for de siste 5 kilometerne av tilkjøringen.

A er staden drosja er ved byrjinga til oppdraget, og B er hentestedet. Det er 15 kilometer frå A til B. Avstanden frå næraste haldeplass til B er 17 kilometer. I dette tilfellet kan det berre bereknast tilkjøringsvederlag for dei siste 5 kilometrane av tilkjøringen.

A er staden drosja er ved byrjinga av oppdraget, B er hentestaden og C er næraste haldeplass. Det er 14 kilometer frå A til B. Avstanden frå næraste haldeplass til B er 12 kilometer. Tilkøyringsavstanden overstig 10 kilometer og det kan derfor bereknast vederlag for tilkøyring. Vederlaget må likevel ikkje overstiga tilkøyringsvederlaget frå næraste haldeplass til hentestaden, og det kan derfor berre bereknast tilkøyringsvederlag for 2 kilometer.

Les meir om dette i forskrift om takstberekning og maksimalpris for løyvepliktig drosjetransport med motorvogn § 7.

Annet

Konkurransetilsynet svarar på spørsmål knytt til dei forskriftene og lover tilsynet handhevar. Dette gjeld forskrift om takstutrekning og maksimalprisar for løyvepliktig drosjetransport med motorvogn, forskrift om dispensasjon frå konkurranselova for drosjesentralar, konkurranselova og pristiltakslova.

Sjå meir om relevante lover og forskrifter under informasjonsboksen: Lover og forskrifter

Sjå informasjonsboks om relevante styresmakter.

Dispensasjonsforskrifta gir drosjesentralar enkelte unntak frå forbodet i konkurranselova om konkurranseavgrensande avtalar mellom føretak. Unntaket inneber at drosjesentralar kan fastsetje felles takstregulativ og dessutan inngi felles pristilbod og anbod på vegne av dei løyvehavarar som er knytt til sentralen. Unntaket gjeld ikkje for pris- og anbodssamarbeid mellom drosjesentralar og mellom løyvehavarar knytt til ulike sentralar.

Sjå fleire detaljar i forskrift om dispensasjon frå konkurranseloven § 3-1 og 3-2 for drosjesentralar.