Forbod kan føre til høgare matprisar

Forbod mot usaklege innkjøpsskilnader i daglegvarebransjen kan føre til høgare prisar for forbrukarane, skriv Konkurransetilsynet i eit høyringssvar.

Nærings- og fiskeridepartementet har no på høyring to ulike forskriftsforslag til forbod mot usaklege skilnader i innkjøpsvilkår til daglegvarekjedene. Det første alternativet inneber eit forbod mot at leverandørar med vesentleg marknadsmakt prisdiskriminerer utan at det kan grunngjevast sakleg. Det andre alternativet forbyr slik usakleg prisdiskriminering viss det avgrensar eller er egna til å avgrense konkurransen.

– Konkurransesituasjonen i daglegvaremarknaden er ei utfordring, mellom anna grunna importvernet. Løysinga er ikkje å innføre fleire reguleringar som kan svekkje konkurransen ytterlegare og gje forbrukarane høgare prisar. Konkurransetilsynet sitt tidlegare forslag om å kunne gjennomføre marknadsetterforsking og påleggje avhjelpande tiltak ved behov, vil vere betre egna til å løyse problema i daglegvaremarknaden. Dette vil gjere det mogleg å gripe inn mot konkurranseskade på ein meir treffsikker måte, seier konkurransedirektør Tina Søreide.

Eit hovudfunn i Konkurransetilsynet si siste kartlegging av innkjøpsskilnader er at Norgesgruppen oppnår lågare innkjøpsprisar enn Coop og Rema. I gjennomsnitt er skilnadane mindre i 2021 enn i 2017, og motytingar frå daglegvarekjedene forklarar mykje av skilnadane. Konkurransetilsynet har òg kartlagt årsaker til skilnader i innkjøpsprisar.

– Viss innkjøpsprisane vert regulerte er det ein reell risiko for at alle daglegvarekjedene får høgare innkjøpsprisar. Kjedene vil då dra mindre fordel av å forhandle hardt, og leverandørane vil vere meir tilbakehaldne med å gje rabattar. Etter Konkurransetilsynet si oppfatning kan begge dei føreslåtte alternativa til forskrift føre til høgare prisar for forbrukarane, særleg på kort sikt. Dette fordi det ikkje blir tatt omsyn til at nokre prisforskjellar faktisk kan betre konkurransen, seier Beate Berrefjord.

Her kan du kan lese heile høyringssvaret til Konkurransetilsynet. 

Daglegvarerapporten som vart publisert 14. desember 2022 finn du her. 

39861
Portrettbilde av Tina Søreide
Konkurransedirektør Tina Søreide
24319
Portrettbilde av Beate Milford Berrefjord i Konkurransetilsynet.
Beate Milford Berrefjord, avdelingsdirektør for avdeling for mat, handel og helse i Konkurransetilsynet.

Pressetelefon: +47 476 67 777