Forbyr Torghatten-Fjord1

Konkurransetilsynet forbyr Torghatten sitt kjøp av eigardelar i Fjord1. Årsaka er at kjøpet fører til ei vesentleg avgrensing av konkurransen i marknaden for drift av ferjesamband i Noreg.

Konkurransetilsynet sitt vedtak er sendt til partane i dag.

Torghatten sitt kjøp av 50 prosent av aksjane i F1 Holding involverer dei to største aktørane innanfor drift av ferjesamband i Noreg. F1 Holding, som er eigd av Sogn og Fjordane fylkeskommune, eig 59 prosent av aksjane i Fjord1 AS.

–  Ferjesambanda utgjer ein sentral del av transportinfrastrukturen i Noreg. Sunn konkurranse om drifta av desse sambanda er viktig for å sikre ferjepassasjerar over heile landet eit godt tilbod til lågast mogleg pris, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese.

Det er Statens vegvesen og fylkeskommunane som står for innkjøpa i marknaden for drift av ferjesamband.

–  Torghatten sitt kjøp av eigardelar i Fjord1 ville ført til redusert konkurranse og auka kostnader for innkjøparane. Det kan igjen føre til høgare billettprisar og dårlegare tilbod til passasjerane, seier avdelingsdirektør Gjermund Nese.

Torghatten har kome med forslag til avhjelpande tiltak for å avgrense dei konkurranseskadelege verknadene av kjøpet. Forslaget omfattar sal av Torghatten sitt dotterselskap FosenNamsos Sjø og tiltak som skal hindre informasjonsflyt mellom Torghatten og Fjord1.

– Konkurransetilsynet har vurdert dei føreslegne tiltaka og kome til at dei ikkje fjernar tilsynet si bekymring. FosenNamsos Sjø er ein liten aktør og eit sal av dette selskapet er ikkje tilstrekkeleg til å hindre at konkurransen i marknaden blir vesentleg avgrensa, seier Nese.

 

Portrettbilde av Gjermund Nese, avdelingsdirektør i Konkurransetilsynet.
Avdelingsdirektør Gjermund Nese.

Kontaktinformasjon

Gjermund Nese
Avdelingsdirektør
Telefon: 91178713

Pressebilder

Dokumenter