Samfunnsoppdrag og strategi

Vårt samfunnsoppdrag er å bidra til effektiv ressursbruk ved å fremje konkurranse, til fordel for forbrukarane og næringslivet i ulike marknader i Noreg. Hovudmålet er at aktørar som opererer i norske marknader, etterlever konkurransereglane fordi konkurranse er eit virkemiddel for å oppnå vel fungerande marknader.

Vår jobb er å handheve konkurranselova. Gjennom lova er det tre hovudområde som Konkurransetilsynet jobbar med; ulovleg samarbeid (§10), misbruk av dominerande stilling (§11) og fusjonskontroll (§16). Manglande handheving av dei tre hovudområda kan føre til svekka konkurranse til ulempe for forbrukaren og samfunnet i form av høgare prisar, dårlegare tilbod, dårlegare kvalitet og lågare innovasjonstakt.

Gjennom rettleiing og dialog med næringslivet, effektiv handheving av konkurranselova, vedtak om overtredelsesgebyr og gjennom god informasjonsverksemd, vil vi førebyggje og stanse ulovleg konkurransehemmande aktivitet.

Våre vurderingar og vedtak skal halde eit høgt fagleg internasjonalt nivå, og vi skal møte partane med profesjonalitet og respekt.

Les heile strategiplanen for Konkurransetilsynet 2017-2021 >>

Ikon for