Prosjektsamarbeid: Tilsynet følgjer EU sine nye retningslinjer

Konkurransetilsynet vil følgje dei nye retningslinjene til Europakommisjonen om horisontalt samarbeid, som vart publisert 1. juni i år. Tilsynet sin rettleiar om prosjektsamarbeid er lagt bort, og nettsidene om prosjektsamarbeid og om berekraft er oppdaterte.

Dei nye retningslinjene frå Europakommisjonen inneheld no eigne kapittel om prosjektsamarbeid og om berekraft.

– Europakommisjonen sine retningslinjer gir generell og detaljert rettleiing om samarbeid mellom konkurrentar, og har mellom anna eit eige, nytt delkapittel om prosjektsamarbeid. Vi ser derfor ikkje lenger behov for ein eigen norsk rettleiar og har oppheva vår rettleiar om prosjektsamarbeid frå 2014, seier avdelingsdirektør Hanne Dahl Amundsen.

Europakommisjonen kjenner godt til handhevingspraksisen til dei nasjonale myndigheitene om prosjektsamarbeid. Denne praksisen er tatt omsyn til i utarbeidinga av dei nye retningslinjene.

– Praksisen til Konkurransetilsynet er på linje med dei nye retningslinjene frå Europakommisjonen. Framover kan bedrifter søkje rettleiing både i tilsynet sin praksis og i dei nye retningslinjene, seier nestleiar ved juridisk stab Anne Marthe Storetvedt.

På Konkurransetilsynet sine oppdaterte temasider om prosjektsamarbeid vil bedrifter no finne meir informasjon enn tidlegare. Mellom anna finn ein svar på ei rekke ofte stilte spørsmål. Også temasidene om berekraft er oppdaterte, med informasjon om når konkurrentar kan samarbeide om såkalla standardar for berekraft.

Temasidene er laga for at bedrifter skal kunne bruke dei aktivt, og bedrifter kan ta kontakt med Konkurransetilsynet om dei ønskjer ytterlegare rettleiing. Tilsynet kan ikkje gi førehandsgodkjenning for samarbeid, og oppfordrar bedrifter til å søkje juridisk bistand om ein er usikker på om eit samarbeid vil vere lovleg.

Klikk her for å gå til temasider om prosjektsamarbeid.

Klikk her for å gå til temasider om berekraft.

41761
Portrettbilde av Hanne Dahl Amundsen, avdelingsdirektør i Konkurransetilsynet.
Hanne Dahl Amundsen, avdelingsdirektør ved avdeling for bygg, industri og energi i Konkurransetilsynet.

Pressetelefon: 47 66 77 77.