Årsrekneskap

Kommentar frå leiinga

Stadfesting

Årsrekneskapen er i samsvar med “bestemmelser om økonomistyring i staten”, rundskriv R-115 frå Finansdepartementet og krav frå NFD i instruks for økonomistyring. Rekneskapen gir eit dekkande bilete av Konkurransetilsynets disponible tildeling, rekneskapsførte utgifter, inntekter, eigedelar og gjeld.

Vurdering av vesentlege forhold

I 2023 har Konkurransetilsynet disponert tildelingar på kap. 911 post 01 tilsvarande 136,893 mill. kr. I tildelinga er det inkludert overført bevilling frå 2022 på 4,528 mill. kr. I tillegg har tilsynet disponert ei samla tildeling for 2023 på 6,247 mill. kr. på kap. 911, post 70 til konkurransefagleg forsking. I tildelinga er det inkludert overført bevilling frå 2022 på 4,102 mill. kroner.

Konkurransetilsynet har sidan 2014 lyst ut midlar frå det alminnelege prisreguleringsfondet til forsking på konkurranseforhold og pris- og konkurransepolitikk. I 2021 var det ikkje midlar igjen i fondet til ei ny tildelingsrunde, og det vart vedteke å tildele midlar til ein ny post under kap. 911 post 70 til konkurransefagleg forsking. Tilsynet har i 2023 lyst ut og tildelt 2,2 millionar kroner i tilskotsmidlar til konkurransefagleg forsking for 2023-2025. Alle tilgjengelege midlar er lyst ut og tildelte gjennom vedtak til konkurransefagleg forsking. Dei siste utbetalingane i det alminnelege prisreguleringsfondet vart gjort i 2023 og ved årsskiftet vart fondet avslutta.

Rapporterte utgifter til drift og investeringar for Konkurransetilsynet summerte seg til 133,185 mill. kr., der utbetalingar til lønn og sosiale utgifter utgjer 101,187 mill. kr. Tilsynet har hatt ei auke på fire utførte årsverk frå 2022 til 2023. Endringa i årsverk skuldast ei sterk auke i avgangar i 2022, der nokre av desse vart erstatta i 2023. Kostnadar til konsulenttenester har i 2023 auka samanlikna med 2022, grunna anskaffing av maskinlæringsplattform, konsulenttenester til leiarutviklingsprogram og til pågåande saker.

Konkurransetilsynet vil søke om overføring av ubrukt løyving på post 01 i 2023 på 3,708 mill. kr. til 2024. I tillegg søker tilsynet om overføring av ubrukt løyving på post 70 – Konkurransefagleg forsking på kr. 3,576 mill. til 2024.

 

Tilleggsopplysningar

Riksrevisjonen er ekstern revisor og bekreftar årsrekneskapen for Konkurransetilsynet samt det alminnelege prisreguleringsfondet. Årsrekneskapen er ikkje ferdig revidert per dags dato, men revisjonsmeldinga vil vere ferdig innan 1. mai 2024.

Viser til vedlegg 1 og 2 angåande for omtale og årsrekneskap for det alminnelege prisreguleringsfondet.

Bergen, 15. Mars 2024

Tina Søreide
Konkurransedirektør

Årsrekneskapen for statlege verksemder er utarbeidd og avlagt etter retningslinjene fastsett i «Bestemmelser om økonomistyring i staten». Årsrekneskapen er i samsvar med føresegnene punkt 3.4.1, nærare føresegner i Finansdepartementets rundskriv R-115 og “Virksomhets- og økonomiinstruks” fastsett av overordna departement.

Oppstillinga av løyvingsrapporteringa og artskontorapporteringa er utarbeidd med utgangspunkt i føresegnene punkt 3.4.2 – dei grunnleggande prinsippa for årsrekneskapen:

a) Rekneskapen følgjer kalenderåret.

b) Rekneskapen inneheld alle rapporterte utgifter og inntekter for rekneskapsåret.

c) Utgiftene og inntektene er førte i rekneskapen med brutto beløp.

d) Rekneskapen er utarbeidd i tråd med kontantprinsippet.

Oppstillinga av løyvings- og artskontorapportering er utarbeidd etter dei same prinsippa, men gruppert etter ulike kontoplanar. Prinsippa samsvarer med krav i føresegnene punkt 3.5 til korleis verksemda skal rapportere til statsrekneskapen. Summeringslinja «Netto rapportert til løyvingsrekneskapet» er lik i begge oppstillingane.

Konkurransetilsynet er knytt til statens konsernkontoordning i Noregs Bank i samsvar med krav i føresegnene punkt 3.7.1. Bruttobudsjetterte verksemder blir ikkje tilført likviditet gjennom året, men har ein trekkrett på konsernkontoen sin. Ved årets slutt blir saldo på kvar enkelt oppgjerskonto nullstilt.

Oppstillinga av løyvingsrapporteringa viser løyvingsrapportering, og behaldninga verksemda står oppført med i kapitalrekneskapen. Løyvingsrapporteringa viser rekneskapstal som Konkurransetilsynet har rapportert til statsrekneskapen. Det er oppstilt etter kapittel og post i løyvingsrekneskapen som verksemda har fullmakt til å disponere. Oppstillinga viser alle finansielle eigedelar og gjeld vi står oppført med i statens kapitalrekneskap.

Mottekne fullmakter til å belaste kapittelet for ei anna verksemd/post (belastningsfullmakter) blir ikkje vist i kolonnen for samla tildeling, men er omtalt i note B til løyvingsoppstillinga. Utgiftene knytt til mottatte belastningsfullmakter er bokførte og rapporterte til statsrekneskapen, og blir vist i kolonnen for rekneskap.

Gitte belastningsfullmakter er inkluderte i kolonnen for samla tildeling, men blir bokført og blir ikkje rapportert til statsrekneskapen frå verksemda sjølv. Gitte belastningsfullmakter blir bokførte og rapportert av verksemda som har mottatt belastningsfullmakta og blir derfor ikkje vist i kolonnen for rekneskap. Dei gitte fullmaktene kjem fram i note B til løyvingsoppstillinga.

Oppstillinga av artskontorapporteringa har ein øvre del som viser kva som er rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder og ein nedre del som viser eigedelar og gjeld som inngår i mellomverande med statskassa. Artskontorapporteringa viser kva rekneskapstal vi har rapportert til statsrekneskapen etter standard kontoplan for statlege verksemder. Verksemda har ein trekkrett for disponible tildelingar på konsernkonto i Noregs Bank. Tildelingane skal ikkje inntektsførast, og visast derfor ikkje som ei inntekt i oppstillinga.

Vi har ein trekkrett for disponible tildelingar på konsernkonto i Noregs Bank. Tildelingane skal ikkje inntektsførast, og visast derfor ikkje som ei inntekt i oppstillinga. Note 9 i artskontorapporteringa viser forskjellar mellom avrekning og mellomverande med statskassa.

Rekneskapstal i løyvings- og artskontorapportering med notar viser rekneskapstal rapportert til statsrekneskapen. Note 7 til artskontorapporteringa viser forskjellar mellom avrekning og mellomverande med statskassa. Nota viser forskjellen mellom beløp verksemda har bokført på eigedels- og gjeldskontoar i kontospesifikasjonen for verksemda (saldo på kunde- og leverandørreskontro) og beløp verksemda har rapportert som fordringar og gjeld til statsrekneskapen og som inngår i mellomveranda med statskassa.

Konkurransetilsynet har innretta bokføringa slik at den følger krava i “Bestemmelser om økonomistyring i staten”. Dette inneber at alle opplysningar om transaksjonar og andre rekneskapsmessige disposisjonar som er nødvendige for å utarbeide pliktig rekneskapsrapportering, jf. føresegnene punkt 3.3.2, og spesifikasjon av pliktig rekneskapsrapportering, jf. føresegnene punkt 4.4.3, er bokførte. Føresegnene krev mellom anna utarbeiding av kundespesifikasjon og leverandørspesifikasjon. Det inneber at sals- og kjøpstransaksjonar blir bokført i kontospesifikasjonen på eit tidlegare tidspunkt enn dei blir rapporterte til statsrekneskapen.

Kapittel og post Overført frå i fjor Årets tildeling Samla tildeling
91 101 4 528 000 132 365 000 136 893 000
91 170 4 102 000 2 145 000 6 247 000

Konkurransetilsynet har i 2023 disponert ei samla tildeling på kr 136,893 mill. kroner på kapittel 0911 post 01 og 6,247 mill. kroner på kapittel 0911 post 70.

Kapittel og post Stikkord Meirutgift(-)/ mindre utgift Meirutgift(-)/ mindreutgift etter gitte belastnings-fullmakter Sum grunnlag for overføring  Maks. overførbart beløp * Mogleg overførbart beløp utrekna av verksemda
91 101 “kan overførast” 3 708 483 3 708 483 3 708 483 6 618 250 3 708 483
91 170 “kan overførast” 3 575 926 3 575 926 3 575 926 4 145 000 3 575 926

Stikkordet «kan overførast»

Forskingsmidlar kapittel 0911 post 70 kan overføre summen av dei siste to års løyving, jf. rundskriv R-2. Mogleg overførbart beløp er kr. 3 575 926.

Fullmakt til å overskride driftsløyving mot tilsvarande meirinntekter

Refusjonar av lønn på totalt kr. 2 645 777 er nettoført i driftsutgiftene.

Mogleg overførbart beløp

Kapittel 0911 post 01 kr. 3 708 483

Kapittel 0911 post 70 kr. 3 575 926

31.12.2023 31.12.2022
Innbetalingar frå gebyr
Sum innbetalingar frå gebyr 0 0
Innbetalingar frå tilskot og overføringar
Sum innbetalingar frå tilskot og overføringar 0 0
Sal- og leigeinnbetalingar
Eksterne refusjonsinntekter 133 000 161 000
Sum sal- og leigeinnbetalingar 133 000 161 000
Andre innbetalingar
Sal av utrangert materiell, avgiftsfritt 28 000 0
Sum andre innbetalingar 28 000 0
Sum innbetalingar frå drift 161 000 161 000
31.12.2023 31.12.2022
Lønn 81 006 592 77 042 627
Arbeidsgivaravgift 12 922 289 11 649 034
Pensjonsutgifter* 8 243 997 7 565 074
Sjukepengar og andre refusjonar (-) -2 645 777 -3 379 558
Andre ytingar 1 659 688 1 494 964
Sum utbetalingar til lønn 101 186 788 94 372 141
Tall på utførte årsverk: 88 84

 

* Pensjonar blir utgiftsført i artskontorapporteringa. Premiesatsen for arbeidsgjevardelen utgjorde i 2023 11,6 prosent (arbeidsgjevardelen av pensjonspremien/pensjonsgrunnlaget i 2023 rapportert til SPK).

31.12.2023 31.12.2022
Husleige 14 063 404 13 144 383
Vedlikehald eigne bygg og anlegg 0 0
Vedlikehald og ombygging av leigde lokale 105 155 1 507 998
Andre utgifter til drift av eigedom og lokale 3 042 177 2 758 409
Reparasjon og vedlikehald av maskiner, utstyr mv. 134 547 85 559
Mindre utstyrsanskaffing 536 718 1 122 411
Leige av maskiner, inventar og liknande 4 930 621 4 629 463
Kjøp av konsulenttenester 3 607 795 842 023
Kjøp av andre fremmande tenester 491 345 808 671
Reiser og diett 1 948 168 2 138 235
Øvrige driftsutgifter 3 164 010 3 446 510
Sum andre utbetalingar til drift 32 023 939 30 483 662

 

Konkurransetilsynet har i 2023 hatt ei auke i husleigerelaterte utgifter grunna sterk prisvekst. Konsulenttenester har hatt ei kraftig auke frå 2022 til 2023, grunna anskaffing av maskinlæringsplattform, konsulentar til leiarutvikling og pågåande saker.

31.12.2023 31.12.2022
Innbetaling av finansinntekter
Inntekter frå eigendelar i selskap m.m 0 0
Salssum ved realisasjon av verdipapir 0 0
Renteinntekter 0 0
Valutagevinst 0 0
Anna finansinntekt 0 0
Sum innbetaling av finansinntekter 0 0
31.12.2023 31.12.2022
Utbetaling av finansutgifter
Renteutgifter 1 789 7 116
Valutatap 0 0
Anna finansutgift 0 0
Sum utbetaling av finansutgifter 1 789 7 116
Note 5 Innkrevingsverksemd og andre overføringar til staten
31.12.2023 31.12.2022
Tilfeldige og andre inntekter (Statskonto 530929) 0 -318
Sum innkrevingsverksemd og andre overføringar til staten 0 -318

 

 

 

Konkurransetilsynet har ikkje hatt innbetalingar frå gebyr som følgje av brot på konkurranselova i 2023. Størrelsen på gebyr i rekneskapen vil variere vesentleg frå år til år i samsvar med talet på saker og saken sin art.

31.12.2023 31.12.2022
Tilskot til ikkje-finansielle føretak 2 671 074 897 950
Sum tilskotsforvaltning og andre overføringar frå staten 2 671 074 897 950

 

Konkurransetilsynet har i 2023 betalt ut 2 671 074 kroner til konkurransefagleg forsking under post 70. Tilsynet har i 2023 lyst ut og tildelt 2,2 millionar kroner i tilskotsmidlar til konkurransefagleg forsking for 2023-2025. Alle tilgjengelege midlar er lyst ut og tildelt gjennom vedtak. Se vedlegg 2 for utfyllande informasjon om forskingsprosjekta.

 

Mottakar  
ARNTZEN DE BESCHE ADVOKATFIRMA AS                                   600 000
OSLO ECONOMICS AS                                   125 000
SAMFUNNS- OG NÆRINGSLIVSFORSKNING AS                               1 871 074
Universitetet i Sørøst-Norge                                     75 000
Sum tilskotutbetaling 2023                               2 671 074
Del A Forskjellen mellom avrekning med statskassa og mellomverande med statskassa
31.12.2023 31.12.2023
Spesifikasjon av bokført avrekning med statskassen Spesifikasjon av rapportert mellomverande med statskassen Forskjell
Finansielle anleggsmidlar
Investeringar i aksjar og andelar 0 0 0
Obligasjonar 0 0 0
  Sum   0 0 0
Omlaupsmidlar
Kundefordringar 300 0 300
Andre fordringar 401 358 401 358 0
Bankinnskot, kontantar og liknande 0 0 0
  Sum   401 658 401 358 300
Langsiktig gjeld
Anna langsiktig gjeld 0 0 0
  Sum   0 0 0
Kortsiktig gjeld
Leverandørgjeld -6 416 356 0 -6 416 356
Skyldig skattetrekk -4 504 195 -4 504 195 0
Skyldige offentlege avgifter -50 683 -61 609 10 926
Anna kortsiktig gjeld 0 -5 245 891 5 245 891
  Sum   -10 971 234 -9 811 695 -1 159 539
Sum     -10 569 576 -9 410 337 -1 159 239