Vurdering av vesentlige forhold
Konkurransetilsynet har i 2025 disponert tildelingar på kap. 911 post 01 tilsvarande 147,737 MNOK. I tildelinga er det inkludert overført bevilling frå 2024 på 2,684 MNOK. I tillegg har tilsynet disponert ei samla tildeling for 2024 på 5,496 MNOK. på kap. 911, post 70 til konkurransefagleg forsking. I tildelinga er det inkludert overført bevilling frå 2024 på 3,296 MNOK.
Tilsynet har i 2025 lyst ut og tildelt 1,971 MNOK i tilskotsmidlar til konkurransefagleg forsking for 2025-2027.
Rapporterte utgifter til drift og investeringar for Konkurransetilsynet summerte seg til 145,948 MNOK, der utbetalingar til lønn og sosiale utgifter utgjer 109,137 MNOK. Tilsynet har hatt 86,4 utførte årsverk i 2025 som er ein liten nedgang frå 87,4 utførte årsverk i 2024.
Konkurransetilsynet vil søke om overføring av ubrukt tildeling på post 01 på 0,360 MNOK frå 2025 til 2026. I tillegg søker tilsynet om overføring av ubrukt tildeling på post 70 – Konkurransefagleg forsking på 4,147 MNOK frå 2025 til 2026.
Tilleggsopplysningar
Riksrevisjonen er ekstern revisor og bekreftar årsrekneskapen for Konkurransetilsynet. Årsrekneskapen er ikkje ferdig revidert per dags dato, men revisjonsmeldinga vil vere ferdig innan 1. mai 2026.
Bergen, 16. mars 2026

Mads Magnussen
Konkurransedirektør