St1 sitt oppkjøp av Statoil Fuel & Retail Marine tillates på vilkår

Konkurransetilsynet har i dag sendt vedtak til partane om at St1 sitt oppkjøp av Statoil Fuel & Retail Marine blir tillate på vilkår.

– Oppkjøpet involverer to store og nære konkurrentar i marknaden for sal av marin gassolje frå tankanlegg til sluttkundar og meklarar/vidareseljarar. Marin gassolje brukast i all hovudsak som drivstoff for mange ulike typar skip. Vi har vore uroa for at redusert konkurranse vil auke kostnadene for bedrifter som etterspør marin gassolje, seier konkurransedirektør Lars Sørgard.

Konkurransetilsynet skal vurdere konkurranseavgrensande verknader av fusjoner og oppkjøp. Tilsynet varsla 23. mars 2018 at dei vurderte å gripe inn mot oppkjøpet fordi det kunne avgrense konkurransen i fleire lokale marknader for sal av marin gassolje frå tankanlegg til sluttkundar og meklarar/vidareseljarar. Etter tilsynets varsel valde partane å kome med eit tilbod om avhjelpande tiltak for å imøtekome tilsynet sine konkurransebekymringar.

– Konkurransetilsynet har i dialogen med partane vore tydeleg på at langsiktige tiltak i Stavanger, Tromsø og Harstad har vore naudsynt for at føretakssamanslutninga skal kunne bli godteke. I desse marknadene har tilsynet funne at konkurransen i betydeleg grad ville blitt hindra. Med desse tiltaka vil det no leggjast til rette for god konkurranse i desse områda, seier prosjektleiar Hanne Falkanger.

St1 og Statoil Fuel & Retail Marine tilbyr sal av marin gassolje frå ei rekke tankanlegg langs heile kysten av Noreg. Verksemda til Statoil Fuel & Retail Marine i andre område kan overtakast av St1 etter at dei føreslåtte tiltaka er gjennomført. I desse områda har Konkurransetilsynet etter ei grundig vurdering kome til at oppkjøpet ikkje i betydeleg grad vil hindra effektiv konkurranse.

 

Leggjast til rette for god konkurranse i Stavanger, Tromsø og Harstad

Tiltaka omfattar i hovudsak følgjande:

  • St1 forpliktar seg til å selje heile sin eksisterande verksemd på Norsea-basen i Stavanger-området til ein egna og uavhengig kjøpar, som skal godkjennast av Konkurransetilsynet.
  • St1 forpliktar seg til å ikkje overta Statoil Fuel & Retail Marine si verksemd knytt til Ytre Gangsås tankanlegg i Harstad og Skjelnan tankanlegg i Tromsø. Alle deler av verksemda til Statoil Fuel & Retail Marines i desse områda, medrekna eksisterande varelager, kundelister og kontraktar skal bli verande i Circle K sitt eigarskap, noverande eigar av Statoil Fuel & Retail Marine, før føretakssamanslutninga kan gjennomførast.
  • St1 forpliktar seg til å gjere dei endringar i anleggsavtalene for de felleseide tankanleggene i Tromsø og Harstad som er naudsynte for at St1 verken har eller får vetorett over Circle K si disponering av tankanlegga for marin gassolje i desse områda.

Føretakssamanslutninga mellom St1 og Statoil Fuel & Retail Marine kan ikkje gjennomførast før vilkåra er oppfylt.

Prosjektleiar Hanne Falkanger.

Pressetelefon:

47 66 77 77

 

Dokumenter:

Vedtak V2018-19 >>