Etterforskningssak mot Circle K og YX

I 2020 avslutta Konkurransetilsynet ein etterforskingssak då Circle K og YX forplikta seg til å slutte med det tilsynet meinte kunne vere ulovleg prissignalisering.

Saka vart opna hausten 2019 som ein konsekvens av funn Konkurransetilsynet gjorde i samband med kartlegginga av prisane i drivstoffmarknaden.

Tilsynet oppdaga at på dagar der Circle K auka pumpeprisane, hadde dei først publisert ny oppdatert rettleiande listepris på nettsida deira klokka 08.00. Deretter publiserte YX ein oppdatert listepris på si nettside, før begge auka pumpeprisane samstundes klokka 10.00. Andre drivstoffkjeder følgde etter. Konkurransetilsynet var bekymra for at dette leggje til rette for parallelle nasjonale pumpeprisløft.

Konkurransetilsynet si bekymring var at publiseringa av listepris fungerte som eit signal om når prisane skulle opp, og til kva nivå. Samstundes hadde publiseringa av listepris avgrensa verdi for kundar fordi dei ikkje seier så mykje om pumpeprisane.

Circle K og YX var ikkje einige i Konkurransetilsynet si bekymring, men dei valde å forplikte seg til å slutte med publiseringa av rettleiande listeprisar på nettsidene sine.

Samanhengen mellom oppdateringar av listeprisar og pumpeprisløft. Den horisontale aksen viser tidspunkt på dagen, medan den vertikale aksen måler delen av kvar av Circle K og YX sine stasjonar som har gjennomført pumpeprisløft innan det oppgitte tidspunktet.Samanhengen mellom oppdateringar av listeprisar og pumpeprisløft. Den horisontale aksen viser tidspunkt på dagen, medan den vertikale aksen måler delen av kvar av Circle K og YX sine stasjonar som har gjennomført pumpeprisløft innan det oppgitte tidspunktet.