Utlysing av forskingsmidlar

Konkurransetilsynet lyser ut 2,4 millionar kroner til forsking innanfor konkurranseøkonomi og konkurranserett. Søknadsfristen er 6. september 2024.

Konkurransetilsynet si tildeling av midlar har som mål å fremje forsking innanfor konkurranseøkonomiske og konkurranserettslege problemstillingar for å styrke kunnskapsgrunnlaget for konkurransepolitikk. Dette vil i neste omgang bidra til å fremje konkurranse til fordel for forbrukarane.

Utlysinga er retta mot forskingsprosjekt innanfor konkurranserett og konkurranseøkonomi. Undervisnings- og forskingsinstitusjonar, føretak og privatpersonar kan søke om forskingsmidlar. Forskingsprosjekta kan ha ei varigheit på inntil to år.

Nokre døme på tema som tilsynet ser som viktige og relevante er:

  • Konkurranse i digitale marknader
  • Utfordringar knytte til konkurranse og berekraft
  • Konkurranse i daglegvaremarknaden
  • Konkurransereglane i tilknyting til arbeidsmarknaden
  • Bruk av data for mellom anna marknadsovervaking og kartellavdekking
  • Ex-post-evalueringar av vedtak frå konkurransemyndigheitene

Konkurransetilsynet oppfordrar også forskarar til å føreslå prosjekt basert på eigne vurderingar av relevante og viktige tema.

I vurderinga av søknadane vil Konkurransetilsynet vektlegge søkar sin kompetanse på fagområdet, gjennomføringsevne, søknaden sin relevans for utlysinga, samt prosjektkostnad. Det kan søkast om både eitt- og toårige prosjekt. Tildeling og utbetaling vil skje i tråd med retningslinjer for tildeling av tilskotmiddel for konkurransefagleg forsking.

Korleis søke om forskingsmidlar

 

Søknad med prosjektbeskriving sendast til Konkurransetilsynet innan søknadsfristen 6. september 2024.

Søknaden må innehalde:

  • Kontaktinformasjon til søkar
  • Prosjektbeskriving med framdriftsplan
  • Beskriving av prosjektet sin nytteverdi
  • Kven som er ansvarleg for gjennomføringa
  • Budsjett/finansiering av prosjektet og informasjon om anna motteken støtte
  • Eigenerklæring som viser eventuell bagatellmessig støtte som er motteken siste tre år og om mottakar får anna offentleg støtte.

Søknad om forskingsmidlar sendast per e-post til Konkurransetilsynet på post@kt.no.

Illustrasjonsbilde av noen papirer med grafer og tall på, og en hånd som holder en penn.

Les meir om forskingsmidlar frå Konkurransetilsynet her.

Kontaktinformasjon: 

Håvard Mork Sandvik
Seniorrådgiver
Tlf: 90 12 91 85
Epost: hasa@kt.no