Standardar for berekraft

Ein type samarbeid som kan fremje berekraft er bruk av standardar for berekraft, det vil seie at konkurrentar samarbeider om å implementere og overhalde nærare bestemte standardar for berekraft. Standardar for berekraft vil òg ofte vere bra for konkurransen, mellom anna fordi dei kan fremje utvikling av betre produkt og produksjonsmetodar og fordi dei kan gje kundar kunnskap til å ta berekraftige val. Standardar kan i nokre tilfelle vere skadeleg for konkurransen, særleg dersom dei fører til priskoordinering, stengjer ute alternative standardar eller gjer det vanskeleg for enkelte føretak å konkurrere.

EU-kommisjonen har utarbeidd seks kriterium som utgjer ein «Soft safe harbour». Dette inneber at dersom alle dei følgjande kriteria er oppfylte, er det lite sannsynleg at standarden er ulovleg. Sjå EU-kommisjonen si rettleiing om horisontalt samarbeid, kapittel 9.3.2 (pdf) for meir om standardar for berekraft.

Kriterier for «soft safe harbour»:

Prosessen for utforming av standarden må vere transparent, og alle interessentar skal kunne delta.

Ingen blir tvinga, direkte eller indirekte, til å etterleve standarden.

Det kan stillast bindande krav til dei deltakande føretaka, men dei må stå fritt til å nytta høgare standard enn den som er avtalt.

Partane må ikkje utveksle kommersielt sensitiv informasjon som ikkje er naudsynt for å utvikle, vedta eller endre standarden.

Alle føretak må sikrast ein effektiv og ikkje-diskriminerande tilgang til bruk av standarden.

Standarden må oppfylle minst eitt av følgjande kriterium:

a) Standarden for berekraft må ikkje føre til ein vesentleg prisauke eller vesentleg reduksjon i utvalet av produkt.

b) Den samla marknadsdelen til dei deltakande føretaka må ikkje overstige 20 % på nokon relevant marknad som blir omfatta av standarden.