Korleis hindre ulovleg anbodssamarbeid

Ulovleg anbodssamarbeid kan koste fellesskapet unødvendig mykje og svekke kvaliteten på offentlege varer og tenester. Som innkjøpar har du ei nø viktig rolle i å førebyggje og oppdage slikt samarbeid. Her får du råd, faresignal og verktøy for å sikre ein sunn anbodskonkurranse og gjere ein så god avtale som mogleg.

Innhald på sida:

1. Kva er ulovleg samarbeid?

2. Slik kan du førebyggje og gjennomføre trygt

3. Kva gjer du ved mistanke?

4. Nedlastbar sjekkliste og fleire ressursar

1. Kva er ulovleg anbodssamarbeid?

Ulovleg samarbeid mellom tilbydarar i anbod er ei alvorleg form for økonomisk kriminalitet. Det kan føre til høgare prisar, dårlegare kvalitet og mindre innovasjon – og kostar samfunnet store summar.

Ulovleg anbodssamarbeid skjer når konkurrentar avtaler prisar, vilkår eller fordeler marknaden før dei leverer tilbod. Denne typen samarbeid kan ta mange ulike former. Dette kan for eksempel gjerast ved:

  • Anbodsrotasjon: Bedrifter skiftar på å vinne anbod.
  • Marknadsdeling: Geografisk, produktbasert eller etter kvotar.
  • Fiktive tilbod: Tilbod som er prisa for høgt eller inneheld uakseptable vilkår.
  • Unnlating: Bedrifter som normalt ville gitt tilbod, lèt vere.

Slike avtalar er skjulte og kan vare over lang tid – ofte utan at innkjøpar ser det.

Du finn meir informasjon om skilnaden på lovleg og ulovleg samarbeid på Konkurransetilsynet sin side om prosjektsamarbeid.

Kvart år kjøper staten og kommunane i Noreg varer, tenester og investerer for nærare 835 milliardar kroner (dfo.no). Dersom bedrifter samarbeider ulovleg om anbod, kan dei fråta fellesskapet for store summar

Økonomiske konsekvensar:

  • Prisane kan auke med 10–50 % ved ulovleg samarbeid (OECD)
  • Fellesskapet taper pengar, og kvaliteten på tenester kan bli dårlegare

Samfunnsmessige konsekvensar:

  • Mindre innovasjon og færre nye aktørar
  • Svekka tillit til offentlege innkjøp
  • Risiko for korrupsjon og uheldige bindingar

Bransjar med høg risiko:

  • Få aktørar og høge etableringskostnader -Dess færre bedrifter som er aktuelle til anbodet, desto lettare er det for aktørane i marknaden til å bli samde om korleis dei skal rigge tilboda.
  • Symmetri mellom tilbydarar – når bedrifter er ganske like, til dømes i kostnader, kapasitet og marknadsandel, kan det vere lettare for dei å samarbeide om å manipulere tilbod.
  • Lite innovasjon og få alternative produkt – lite innovasjon med omsyn til dei etterspurde produkta eller tenestene gjer det også enklare å halde oppe eit samarbeid over tid.
  • Uformelle nettverk og bransjeforeiningar som møteplass.

Anbodsprosessar som gir risiko:

  • Føreseielege og repeterande anbod – Når etterspurnaden frå det offentlege er stabil og føreseieleg, aukar risikoen for ulovleg samarbeid. Store endringar i etterspurnad kan bryte opp slike avtalar.
  • Sterkt fokus på pris og standardiserte krav – Når innkjøparar legg mest vekt på pris og vel standardiserte tilbod, blir det lettare for bedrifter å samarbeide ulovleg. Pris er eit enkelt punkt å bli einige om.
  • Rammeavtaler – dei kan låse innkjøp til visse leverandørar og gjere samarbeid lettare

Som innkjøpar har du eit unikt høve til å oppdage og førebyggje ulovleg samarbeid:

  • Du kjenner marknaden og tilbydarane
  • Du ser mønster i tilbod og prisar
  • Du kan stille krav som fremjar konkurranse
  • Du kan varsle viss du ser noko mistenkeleg

2. Slik kan du førebyggje og gjennomføre trygt

Som innkjøpar har du ei nøkkelrolle i å minske risikoen for ulovleg samarbeid. God planlegging og gjennomføring av anbod kan redusere risikoen vesentleg. Under finn du sjekklister for kvar fase i eit anbod.

Gjer deg kjend med marknaden:

  • Kartlegg produkt, prisar og tilbydarar – også frå andre område eller land
  • Sjekk tidlegare anbod og prisutvikling
  • Snakk med andre innkjøparar som har kjøpt liknande varer eller tenester

Vurder risiko:

  • Har det vore ulovleg samarbeid i denne bransjen før?
  • Er det få aktørar, lite innovasjon eller høge etableringskostnader?
  • Er det sosiale nettverk eller bransjeforeiningar som kan vere arena for samarbeid?

Utform anbodet klokt:

  • Bruk enkle og relevante krav – ikkje krev høg omsetning eller lang erfaring utan god grunn
  • Opne for alternative løysingar og tilbydarar frå andre område
  • Unngå krav som favoriserer tidlegare leverandørar eller statlege aktørar
  • Tilby gode betalingsvilkår for å inkludere mindre bedrifter
  • I kronikken “Skal, skal ikke dele opp?”  finn du fleire eksempler på måter å utforme anbodet på, til dømes å dele opp anbodet.

Bruk konsulentar med omhu:

  • Sjekk at dei ikkje har bindingar til leverandørar
  • Be dei signere på konfidensialitet og interessekonflikt

Gi informasjon

Begrens kontakt mellom tilbydarar:

  • Unngå felles synfaringar eller møteplassar
  • Bruk digitale løysingar for innlevering og kommunikasjon

Del informasjon likt og anonymt:

  • Svar på spørsmål frå tilbydarar raskt og offentleg
  • Ikkje del namn eller tal på tilbydarar under prosessen

Be om relevant informasjon:

  • Be tilbydarar opplyse om eigarskap, samarbeidspartnarar og underleverandørar
  • Be om erklæring om at tilbodet er utarbeidd sjølvstendig

Unngå utilsikta samarbeid:

  • Vurder nøye kva informasjon du gir ved opning og publisering av resultat

Analyser tilbod og prisar:

  • Er prisane uvanleg like eller høge?
  • Er det mønster i kven som vinn?
  • Har fleire tilbod same format eller språk?

Bruk gode tildelingskriterium:

  • Kombiner pris med kvalitet, leveringstid, garanti og innovasjon
  • Legg til kriterium som kan avgjere ved likt tilbod
  • Vurder å lyse ut anbodet på nytt viss konkurransen er svak

Unngå å låse framtidige innkjøp:

  • Vurder rammeavtalar nøye – dei kan gjere samarbeid lettare
  • Unngå å opplyse nøyaktig når og kor mykje som skal kjøpast
  • Har du vurdert om kravspesifikasjonane er klare og relevante?
  • Har du opna for alternative løysingar og tilbydarar frå andre område?

Last ned fullstendig sjekkliste for offentlege innkjøparar i PDF-format.

3. Faresignal og mistanke om ulovleg anbodssamarbeid

Har du mistanke om ulovleg samarbeid i ein anbodskonkurranse? Ta kontakt med Konkurransetilsynet – anonymt om du ønskjer. Vi behandlar alle tips konfidensielt. På tipssida vår finn du både telefonnummer og anonyme tipsskjema. 

Eksempler:

  • Leverandørar som trekkjer seg uventa frå konkurransen
  • Bedrifter som alltid legg inn tilbod, men aldri vinn
  • Konkurrentar som gir felles tilbod, sjølv om dei kunne budt åleine
  • Sosiale treff eller kontakt mellom tilbydarar under prosessen

Tolkning:

Slike mønster kan tyde på avtalar om kven som skal vinne, eller at nokon gir “dekningsbod” – tilbod som ikkje er meint å vinne.

Eksempler:

  • Identiske skrivefeil, format eller metadata i fleire tilbod
  • Tilbod sendt frå same IP-adresse eller person
  • Firma som brukar kvarandres kontaktinfo eller malar
  • Manglande dokumentasjon som tidlegare har vore komplett

Tolkning:

Dette kan tyde på koordinering mellom tilbydarar, eller at ein person har sendt inn fleire tilbod på vegner av ulike firma.

Eksempler:

  • Plutselege og like prisaukar utan marknadsforklaring
  • Rabattar som forsvinn eller blir mykje mindre enn før
  • Prisforskjellar som følgjer eit mønster eller formel
  • Vinnartilbod som er mykje høgare enn estimert kostnad

Tolkning:
Slike funn kan tyde på at prisane er avtalt på førehand, eller at konkurrentar har delt marknaden mellom seg.

Eksempler:

  • Referansar til “bransjeprisar” eller “rettferdig konkurranse”
  • Uttalar som tyder på at nokon veit kven som skal vinne
  • Skepsis til erklæringar om uavhengig prising
  • Referansar til samtalar i bransjeforeiningar

Tolkning:
Uttalar kan gi indirekte signal om at det finst ein avtale eller forståing mellom tilbydarar.

Gode grep:

  • Ta vare på all dokumentasjon og kommunikasjon
  • Ikkje konfronter tilbydarane
  • Meld frå via tips-skjemaet eller ring 45 65 95 24
  • Du kan vere anonym – og tips stoppar ikkje anbodsprosessen.

Kildevern:
Konkurransetilsynet behandlar alle tips konfidensielt og opplyser aldri kven som har tipsa.

  • Stoppar tips prosessen? Nei.
  • Kan eg vere anonym? Ja.
  • Kva skjer etterpå? Tilsynet vurderer om det er grunnlag for vidare undersøking.