Korleis kan konkurranse fremje berekraft?

I samsvar med tildelingsbrevet for 2022 og Konkurransetilsynet sin eigen strategi for 2022-2027, prioriterer Konkurransetilsynet berekraft. FNs berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Berekraftsmåla handlar med andre ord ikkje berre om utslepp av klimagassar. Og medan konkurranse kan vere eit viktig verkemiddel i alle desse aspekta, fokuserer Konkurransetilsynet si berekraftssatsing i første omgang på korleis målretta handheving av konkurransereglane kan styrke grøn omstilling og redusere klimagassutslepp.

Ein aktiv konkurransepolitikk kan fremje berekraft. Dårleg konkurranse kan føre til at selskap ikkje har insentiv til å kutte utslepp, då dei uansett kan velte kostnadar frå til dømes Co2-avgifter over på kundane. Klimavennlege produkt eller løysingar kan bli dyrare enn dei ville vore med god konkurranse. Dårleg konkurranse kan og føre til at selskap unngår å innovere for å tilby miljøvennlege løysingar om det ikkje er risiko for å miste miljøbevisste kundar til andre konkurrentar.

Konkurransetilsynet jobbar konkret med berekraft gjennom prioritering av saker, fusjonskontroll og vurdering av nøkkelnæringar.

Når Konkurransetilsynet skal prioritere kva saker ein skal handheve, vil vi leggje vekt på om saka har eit berekraftaspekt. Viss valet står mellom to elles stort sett like saker om brot på konkurranselova der den eine har eit berekraftaspekt og den andre ikkje, prioriterer vi saka med eit berekraftsaspekt.

Konkurransetilsynet jobbar aktivt for å leggje til rette for velfungerande konkurranse i nøkkelnæringar. Ei nøkkelnæring kan vere ein marknad med store klimagassutslepp eller marknader med grøn energi. Måten vi jobbar på er å gje rettleiing til aktørane, vere ei stemme i den offentlege debatten, til dømes gjennom å skrive kronikkar, og å gje påpeikingar av konkurranseregulerande verknader av offentlege tiltak. Til dømes følger Konkurransetilsynet marknaden for elbillading tett, for å sikre at denne delen av det grøne skiftet vert styrka gjennom god konkurranse. I denne marknaden har tilsynet òg pålagt opplysningsplikt, som gjer at vi også har moglegheit til å følgje med på oppkjøp av små bedrifter, i tillegg til dei som er omfatta av meldepliktreglane.

Berekraft vil òg vere viktig når tilsynet vurderer fusjonssaker. Her vil vi vere opptekne av om oppkjøpet eller fusjonen har ein negativ verknad på utvikling av berekraftige produkt eller løysingar.