Ein type samarbeid som kan fremje berekraft er bruk av standardar for berekraft, det vil seie at konkurrentar samarbeider om å implementere og overhalde nærare bestemte standardar for berekraft. Standardar for berekraft vil òg ofte vere bra for konkurransen, mellom anna fordi dei kan fremje utvikling av betre produkt og produksjonsmetodar og fordi dei kan gje kundar kunnskap til å ta berekraftige val. Standardar kan i nokre tilfelle vere skadeleg for konkurransen, særleg dersom dei fører til priskoordinering, stengjer ute alternative standardar eller gjer det vanskeleg for enkelte føretak å konkurrere.
EU-kommisjonen har utarbeidd seks kriterium som utgjer ein «Soft safe harbour». Dette inneber at dersom alle dei følgjande kriteria er oppfylte, er det lite sannsynleg at standarden er ulovleg. Sjå EU-kommisjonen si rettleiing om horisontalt samarbeid, kapittel 9.3.2 (pdf) for meir om standardar for berekraft.