Berekraft og samarbeid mellom bedrifter

Konkurranse kan bidra til grøn omstilling fordi konkurranse presser bedriftene til å yte sitt beste når det gjeld pris, kvalitet og innovasjon for å kapre kundar. Samarbeid mellom konkurrentar kan difor føre til at bedrifter skaper færre gode løysingar enn dei ville gjort viss dei måtte konkurrere.

I enkelte tilfelle kan likevel samarbeid vere naudsynt for å få til dei beste løysingane. Det kan til dømes vere dersom samarbeidet er naudsynt for at bedriftene kan utvikla det aktuelle berekraftige produktet, eller viss bedrifta åleine ikkje har, eller ikkje enkelt kan skaffe seg, nok ressursar eller kunnskap til å utføre eit oppdrag.

Det er viktig for Konkurransetilsynet å bruke konkurransereglane på ein måte som fremjar berekraft. Det vil seie at vi vil vere opptatt av at konkurransereglane ikkje skal stå i vegen for berekraftsfremjande samarbeid mellom bedrifter. Samstundes vil vi ha ei aktiv handheving av samarbeid som er skadelege for berekraft. 

Spørsmålet om når eit samarbeid om berekraft er lovleg må på vanleg måte vurderast konkret etter konkurranselova § 10.  Det er bedriftene sjølve som har ansvar for å vurdere om samarbeidet er i tråd med konkurransereglane.

Det vil vere rom for å samarbeide om berekraft innanfor konkurransereglane.

Til dømes vil samarbeid mellom bedrifter som ikkje er konkurrentar (eller potensielle konkurrentar), men som har komplementære eigenskapar normalt vere lovlege.

Samstundes er det moglegheiter for å samarbeide om forsking og utvikling (FoU). Etter konkurransereglane kan konkurrentar som samla har under 25 prosent marknadsandel under visse bestemte føresetnader samarbeida om forsking og utvikling (FoU). Eit viktig atterhald er at FoU-samarbeidet ikkje smittar over på sjølve konkurransen om å vinne kundar i marknaden. For større bedrifter må det takast ei konkret vurdering, og sjølv reine FoU-samarbeid kan vere skadeleg for konkurransen, særleg viss det er få aktørar.

Vidare kan frivillige merkeordningar, som opnar for at enkeltbedrifter kan utvikle sine eigne produkt, òg vere lovlege. Ein grunnleggande føresetnad er at samarbeidet ikkje skal avgrense den enkelte bedrift si moglegheit og vilje til å utvikle nye og meir klimavennlege produkt.

Sentrale spørsmål som bedriftene må spørje seg før dei inngår eit berekraftssamarbeid er:
– Er samarbeidet strengt naudsynt for å oppnå berekraftmålet?
– Kan bedrifta oppnå berekraftmålet på ein annan, mindre konkurranseavgrensande måte, anten ved å samarbeide med ikkje-konkurrentar, eller ved å samarbeide på ein annan måte?

I nokre tilfelle kan samarbeid mellom konkurrentar vere eit dekke for eit konkurranseskadeleg kartell, og eit samarbeid som i utgangspunktet er positivt for klimaet kan ende opp med å bli klimaskadeleg. EU-Kommisjonen har hatt ei aktiv handheving av slike samarbeid. Sjå døme på saker under.

 

Berekraft som ein mogleg effektivitetsgevinst

Samarbeid som avgrensar konkurransen vil vere lovleg dersom bedriftene dokumenterer at samarbeidet har effektivitetsgevinstar som veg opp for konkurranseskaden, og dei andre lovfesta vilkåra er oppfylt. I denne vurderinga kan det vere aktuelt å leggje vekt på berekraft som ein effektivitetsgevinst. Dette er eit snevert unntak. Mellom anna må samarbeidet vere naudsynt, forholdsmessig og komme kundane til gode. Sjå EU-Kommisjonens rettleiing, kapittel 9.2 for informasjon om berekraftsamarbeid og konkurranselova §10 3. ledd.

Eksempel på handheving av relevante sakar i EU

I 2021 gav EU-kommisjonen bøter til Daimler, Volkswagen og BMW. Bilprodusentane hadde først inngått eit lovleg samarbeid om å utvikle teknologi for reinsing av eksos frå dieselbilar, men gjekk lenger enn det som var lovleg, då dei vart einige om å ikkje utvikle meir effektiv reinseteknologi enn minstekrava i EU-reguleringa.​ Les pressemeldinga til Kommisjonen her.

I 2011 gav EU-Kommisjonen bøter til vaskemiddelprodusentane Henkel, Procter&Gamble og Unilever. Eit samarbeid om å gjere produkta meir miljøvennlege hadde utvikla seg til et kartell som samarbeida om mellom anna prisar.​ Les kommisjonen si pressemelding her.

I 2017 slo det franske konkurransetilsynet ned på eit kartell blant produsentar av linoleumsgolvbelegg. Kartellmedlemmane hadde mellom anna avtalt å ikkje marknadsføre dei ulike miljøkonsekvensane av produkta deira, noko som i neste omgang fjerna insentiv til å utvikla meir miljøvennlege golvbelegg.​