Masterpris

 

Masteroppgåve

Konkurransetilsynet deler kvart år ut pris til mastergradstudentar i samfunnsøkonomi og rettsvitskap. Den beste masteroppgåva innan kvart av dei to fagområda vert premiert med 25 000 kroner. Målet med konkurransen er å auke interessa for konkurranseøkonomi og konkurranserett blant studentar, og å utvikle nettverket mellom akademia og tilsynet.

For studentar i rettsvitskap må oppgåva handle om eit tema innan norsk og/eller internasjonal konkurranserett. I samfunnsøkonomi må oppgåva ta føre seg konkurranseøkonomiske problemstillingar, som for eksempel korleis marknader fungerer, verknader av konkurransereguleringar eller effektar av offentlege tiltak.

 

Påmelding

I årets konkurranse skal masteroppgåva vere levert inn i undervisningsåret 2021–2022. Oppgåva må vere ein del av eksamen til mastergrad med minst 30 studiepoeng.

Frist for å delta i konkurransene om beste masteroppgåve i konkurranserett og konkurranseøkonomi er 30. september 2022. Påmelding er nå stengt.

Det er ein føresetnad for å delta i konkurransen at Konkurransetilsynet kan gjere oppgåva tilgjengeleg på tilsynet si nettside utan honorering utover premien.

Masteroppgåva skal sendast til post@konkurransetilsynet.no saman med kontaktinformasjon. Vidare skal og karakterutskrift frå masteroppgåva følgje med eller ettersendast når karakter ligg føre.

 

Vurdering

Oppgåvene vert vurderte av ein jury med juridisk direktør og sjeføkonom i Konkurransetilsynet, og to eksterne jurymedlemer innan jus og økonomi.

Sjå forslag til tema for masteroppgåve.

Sjå liste over tidlegare prisvinnarar.

Vinnarane vert kontakta direkte og offentleggjort på våre nettsider.

Ikon for

Kontaktperson:

Jan Gaute Sannarnes
Økonomisk stab

Telefon: 55 59 75 34
Epost: jgsa@kt.no

 

Anne Marthe Storetvedt
Seniorrådgiver, juridisk stab

Telefon: 55 59 75 57
Epost: amst@kt.no

 

Sven Heidar Larsen 
Seniorrådgiver, juridisk stab

Telefon: 55 59 76 23
Epost: svla@kt.no