Opplysningsplikt for særskilde marknader

 

Konkurransetilsynet kan i medhald av konkurranseloven § 24 påleggje opplysningsplikt for særskilte aktørar i einskilde marknader der mellom anna graden av lokal konkurranse er særleg sentral.

I slike marknader kan også erverv av mindre aktørar påverke konkurransesituasjonen negativt og føre til høgare priser og dårlegare tilbod til forbrukarane. Opplysningsplikta inneber at aktørane må gi opplysningar om alle føretakssamanslutningar som det aktuelle føretaket er involvert i og som er under terskelen for meldeplikt. Nokre aktørar kan også ha opplysningsplikt for minoritetserverv.

Opplysningsplikta er tidfesta for ein periode på to år. Plikta kan vert vidareført.

 

I dag har følgjande aktørar opplysningsplikt:

Marked Aktør Utløpsdato
Drivstoff Uno-X Mobility, St1 Norge AS, Certas Energy Norway AS, Circle K Norge AS 31.12.2024
Kraft Statkraft AS, Eviny AS, Skagerak Energi AS, Agder Energi AS/Å Energi AS, Hafslund Eco Vannkraft AS 31.12.2024
Avfall Norsk Gjenvinning Norge AS 31.12.2024
Dagligvare Norgesgruppen ASA, Coop Norge SA, Rema 1000, Bunnpris IK Lykke AS 31.03.2026
Avis Amedia AS, Polaris ASA, Schibsted ASA 31.12.2024
Alarm Verisure AS, Sector Alarm Group AS 31.12.2025
Vaskeri Nor Tekstil AS 31.12.2024
Hagesenter Plantasjen Norge AS 31.12.2024
Betong Nordic Concrete Group AS, Heidelberg Materials Norway AS, Unicon AS 31.12.2025
Regnskapssystemer Visma AS 31.12.2025
Sportsutstyr Sport Holding AS 31.12.2025
Bestemte nettbaserte marknadsplassar Schibsted ASA 31.12.2025
Elbillading Mer Norway AS, Circle K Norge AS, Eviny Elektrifisering AS, Recharge AS, Tesla Norway AS 31.12.2025

 

Opplysningsplikta gjer at Konkurransetilsynet blir merksam på føretakssamanslåingar under terskelverdiane som desse aktørane er involvert i, og slik setje tilsynet i stand til å vurdere om det er aktuelt å påleggje meldeplikt.

Konkurransetilsynet kan gripe inn mot føretakssamanslåingar, mellom anna fusjoner, oppkjøp, leieavtalar og liknande som føre til varige strukturendringar, som er under terskelverdiane dersom dei forverrar konkurransesituasjonen til skade for forbrukarane. Tilsynet er opptekne av god konkurranse til beste for forbrukaren.

Konkurransetilsynet vurderer jevnleg om det er behov for å innføre opplysningsplikt for fleire aktørar og i andre marknader.