Forholdet mellom konkurransepolitikk og berekraft har fått mykje merksemd internasjonalt dei siste åra.
EU-kommisjonen har arrangert ei rekke konferansar om dette temaet dei siste åra. EU-kommisjonen ser konkurransepolitikken i samanheng med deira European Green Deal frå 2019, som er ei samling initiativ som tek sikte på å redusere EUs klimagassutslepp. OECD har og berekraft og konkurransepolitikk på agendaen, og har mellom anna arrangert to rundebordkonferansar om temaet.
Det er viktig for Konkurransetilsynet å være ein aktiv bidragsytar i internasjonale debatten, sidan internasjonale reglar kan forma norsk konkurransepolitikk. Dei norske konkurransereglane er harmonisert med konkurransereglane i EU, og praksis frå EU vil difor være med på å forme den norske konkurransepolitikken innan berekraft.
I vurdering av konkrete saker ser Konkurransetilsynet hen til ESA /EU-kommisjonen sine retningslinjer og gruppefritak.
Konkurransetilsynet deltek aktivt i formelle og uformelle forum gjennom EØS, for å sikre tidleg norsk medverknad i regelverk- og politikkutforming. Konkurransetilsynet deltek i arbeidsgrupper i European Competition Network, som har ei eiga Environement Subgroup.
Konkurransetilsynet deltek óg i andre internasjonale fora, som for eksempel i OECD sin konkurransekomité, og i International Competition Network (ICN).