Podcast
Det meste du gjør i løpet av en dag er avhengig av god konkurranse. Det gjelder enten du skal handle matvarer, fylle bensin eller kjøpe nye briller. Men hva skjer når konkurransen i et marked ikke fungerer eller noen selskaper samarbeider ulovlig? I Konkurransepodden tar vi opp aktuelle saker fra Norge og verden.
Prisen på daglegvarer går framleis i feil retning, og vi høyrer at daglegvarekjedene tener stadig meir. Kor mykje meir kan gjerast for å få ein betre konkurransesituasjon i den norske daglegvaremarknaden?
I denne episoden av Konkurransepodden tek vi for oss kva som er gjort av tiltak for å betre konkurransesituasjonen i daglegvaremarknaden, og vi spør oss kva meir som kan gjerast for å leggje til rette for fleire konkurrentar.
Beate Berrefjord, avdelingsdirektør for avdeling mat, handel og helse, losar oss gjennom det som er gjort for å betre konkurransesituasjonen i marknaden. Ho snakkar og om hinderet som kan føre til størst effekt.
– Det er gjort mange tiltak for å betre konkurransesituasjonen i daglegvaremarknaden, men vi kjem ikkje utanom at slik importvernet er innretta i Noreg i dag, utgjer det det største etableringshinderet for nye konkurrentar, seier Berrefjord.
Du kan høyre Konkurransepodden i Acast, iTunes, Spotify eller der du føretrekk å høyre podcast.
I sommar kom EU-domstolen med avgjerd i ei fusjonssak som har fått stor merksemd i Europa. Mobilselskapet Hutchison ville kjøpe konkurrenten O2 i 2015, men fekk nei av EU-kommisjonen, fordi det ville avgrense konkurransen og gi britiske forbrukarar eit dårlegare tilbod. Etter to ankerundar har EU-domstolen no komme med ei rekkje viktige avklaringar om konkurransestyresmakter si vurdering av fusjonar og oppkjøp.
Meierimarkedet i Norge er under lupen, og forslag om å fjerne distribusjonstilskudd har skapt rabalder.