Introduksjon til verksemda og nøkkeltal

 

Konkurranse er eit verkemiddel som bidreg til effektiv ressursbruk og velfungerande marknader. Forbrukarane og næringslivet får eit betre tilbod av varer og tenester, med betre kvalitet og lågare prisar. Konkurranse bidreg til at norske føretak blir meir konkurransedyktige, både heime og internasjonalt. Aktiv konkurransepolitikk bidreg òg til omfordeling, og er avgjerande for at den norske modellen for lønnsdanning skal verke etter hensikta. Samtidig er det ei erkjenning at marknadene er i endring. For Konkurransetilsynet blir det viktig å ha rett kompetanse og dei rette reiskapane slik at utfordringane og moglegheitene som den digitale økonomien representerer kan adresserast på ein målretta måte.

Konkurransetilsynets strategiplan 2022-2027

Samfunnsoppdrag

1. Å handheve konkurranselovgjevinga

Konkurransetilsynet sikrar at konkurranselova og EØS-avtalen blir etterlevd. Konkurranselova forbyr samarbeid som avgrensar konkurransen og misbruk av ei dominerande stilling. Føretak må melde frå til tilsynet om fusjonar og oppkjøp, og tilsynet kan gripe inn om desse truar rettferdig konkurranse.

2. Å vere ein pådrivar for konkurranse

Ved å vere synlege og engasjerte i offentlegheita, bidreg Konkurransetilsynet til auka forståing av betydning av konkurranse og korleis velfungerande marknader fremjar økonomisk vekst og velferd. Tilsynet arbeider og for konkurranse ved å identifisere og adressere forhold i offentlege ordningar og reguleringar som kan hemme konkurransen. Vi fremjar forslag for å styrkje konkurransen, fordi ein sunn konkurranse er nøkkelen til ein sterk økonomisk vekst og eit godt samfunn for oss alle.

Strategi 2022-2027

Visualisering av Konkurransetilsynets strategiplan
Konkurransetilsynet har satt seg tre strategiske mål med delmål for kvart av desse. Vi har òg særlege satsingsområde i eit perspektiv på tre år. Figuren over gir eit oversyn over strategiplanen. Årsrapporten gir ein oversikt over korleis vi har jobba mot desse måla i 2023, og du vil få eit innblikk i korleis våre aktivitetar og resultat har bidratt til betre og meir rettferdig konkurranse i samfunnet.

Organisering og leiing

Organisering

3 marknadsavdelingar med ansvar for kvar sine marknader.

3 fag-stabar med spesialistkompetanse på konkurranserett, konkurranseøkonomi og etterforsking.

1 stab for kommunikasjon.

1 administrasjons- og organisasjonsavdeling.

Du finn bilete og informasjon om leiinga på pressesida vår.

Overordna departement og klageorgan

Konkurransetilsynet er eit statleg forvaltningsorgan og er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet (NFD). Tilsynet skal handheve  konkurranselova, og kan ikkje instruerast av departementet i enkeltsaker.
I 2017 vart Konkurranseklagenemnda (KKN) oppretta som eit nytt, uavhengig organ for handsaming av klager på tilsynet sine vedtak og avgjerder. Dette gjeld ikkje vedtak gjort etter pristiltakslova.

Nøkkeltal frå årsrekneskapen

Nøkkeltala frå tabellane og diagrammet nedanfor er satt opp etter mål frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ). Konkurransetilsynet har ingen verksemd som skapar omsetning. Som tabellen viser, utgjer utgifter til lønn  den største delen av budsjettet med 76%.

Utførte årsverk

Utførte årsverk

2020 2021 2022 2023
96,8 91,6 83,7 87,7

Samla tildeling (NOK)

Samla tildeling (NOK)

2020 2021 2022 2023
121 858 000 126 538 000 129 391 000 136 893 000

Driftsutgifter

Driftsutgifter (NOK)

2020 2021 2022 2023
118 841 515 121 117 537 124 863 237 133 184 517

Utnyttingsgrad av tildeling

Utnyttingsgrad av tildeling

2020 2021 2022 2023
97,6 % 95,8% 96,6% 97,3%

Refusjonar lønn

Refusjonar lønn (NOK)

2020 2021 2022 2023
3 711 152 2 954 108 3 379 558 2 645 777

Lønsdel driftsutgiftar

Lønsdel driftsutgiftar

2020 2021 2022 2023
77,5% 78,6% 75,6% 76,0%

Lønnsutgifter pr årsverk

Lønnsutgifter pr årsverk

2020 2021 2022 2023
952 163 1 039 395 1 126 832 1 153 783

Driftsutgifter etter art

Lønn 76%
Husleie og drift av lokaler 12.8%
Andre driftsutgifter 6.1%
Konsulentbistand 3.1%
Kompetanse 0.6%
Gebyrer 0.0%

Årsverk

Årsverk 2020 2021 2022 2023
Tal på utførte årsverk 96,8 91,63 83,75 87,70
Avtalte årsverk 109 105 98 99
Tal på tilsette 110 106 100 100

Føretaksspesifikke nøkkeltal

Nøkkeltal som gjeld Konkurransetilsynet er presenterte i tabellane nedanfor. Tabellane viser talet på saker tilsynet har til vurdering, som er ein del av aktivitetane i tråd med resultatkjeda. Dei viser òg talet på inngrep, avgjerder og høyringsfråsegner som representerer produkta og tenestene våre. Storleiken på gebyra er òg inkludert. I del 3 blir desse tala knytt opp mot dei effektane dei har og det blir presentert ytterlegare informasjon om ressursbruk og mål.

Mottekne saker 2020 2021 2022 2023
Meldingar om fusjonar og oppkjøp (§16) 93 156 160 113
Tips om konkurranseskadeleg åtferd og lovbrot (§§10/11) 379 377 328 367
Lempingssøknader 2 2 4 3
Mottekne høyringar 124 155 129 128
Etterforsking 2020 2021 2022 2023
Bevissikring § 25 – saker/stader 1/2 2/8 4/11 0
Forklaringsopptak § 24 – saker/tal 3/6 0 1/5 4/14
Gebyr for lovbrot i vedtak (TNOK) 2020 2021 2022 2023
Konkurranseskadeleg åtferd 766 00 0 0 0
Fusjonskontroll: Brot på gjennomføringsforbod / opplysningsplikt / meldeplikt 0 3 000 0 0
Vedtak, avgjersler og fråsegner 2020 2021 2022 2023
Inngrep mot fusjonar og oppkjøp (§ 16) 1 2 0 1
Tal på meldingar om fusjonar og oppkjøp trekt av partane etter varsel om mogleg inngrep (§ 16) 0 1 0 0
Avgjersler om å ikkje gripe inn i fusjonar og oppkjøp (§ 16) 2 1 0 4
Vedtak om gebyr for lovbrot grunna konkurranseskadeleg åtferd (§§ 10/11) 1 0 1 0
Vedtak om avhjelpande tiltak (§§10/11, § 16) 2 1 4 0
Påpeiking av skadelege offentlege reguleringar (§ 9e) 3 0 10 1
Høyringsfråsegn 15 6 13 15
Vedtak om gebyr for lovbrot i samband med etterleving av meldeplikt til fusjonskontroll 2 1 0 0