Tilsynet har tre særlege satsingsområde; daglegvare, digitalisering og berekraft. I 2025 har tilsynet arbeidd målretta med alle tre satsingsområda.
I daglegvaremarknaden har Konkurransetilsynet gjeve støtte til regjeringa sitt arbeid med å styrkje konkurransen. Konkurransetilsynet har dei siste åra òg handheva konkurranselova aktivt i denne viktige marknaden. Vi har fatta vedtak, innført strengare kontroll med fusjonar og oppkjøp, samt innhenta mengder med informasjon og gjennomført fleire utgreiingar av konkurranseforholda og aktørane si åtferd. Arbeidet gir eit viktig underlag for å fjerne hinder for konkurransen.
Digitalisering bidreg til omfattande teknologisk utvikling og innovasjon. Tradisjonelle marknadsstrukturar blir utfordra, noko som kan bidra til meir konkurranse. Samtidig kan digitalisering resultere i marknadsdominans og auke faren for ulovleg samarbeid. Konkurransetilsynet har i 2025 arbeid for å avdekkje og hindre eventuelle konkurranseproblem som kan oppstå som følgje av digitaliseringa. Mellom anna gjennomførte tilsynet ei bevissikring i ein digital plattformmarknad før årsskiftet. I relevante saker vurderer tilsynet skadehypotesar knytt til digitale forretningsmodellar. Vi har òg hatt god dialog med andre reguleringsmyndigheitar i konkrete saker. For å styrkje handhevinga har vi i fjoråret òg arbeidd med å integrere nye datakjelder i maskinlæringsplattforma og starta utforskinga av nasjonale fellesløysingar.
Velfungerande konkurranse er viktig for ei grøn omstilling. Samtidig er det viktig at berekraftstiltak og samarbeid ikkje blir misbrukt til ulovleg koordinering. Gjennom rettleiing og dialog med næringslivet har tilsynet mellom anna fortsett arbeidet for å klargjere grensene for når samarbeid som er bra for det grøne skiftet kan realiserast utan at konkurranselova står i vegen.
For å sikre velfungerande marknader over tid, er det avgjerande at vi òg driv treffsikkert pådrivararbeid. I året som har gått har vi hatt eit aktivt informasjonsarbeid gjennom mellom anna nettsida og nyheitsbrev, så vel som formidling gjennom kronikkar, podkastar, føredrag og webinar, Denne aktiviteten bidreg til å styrkje forståinga for kvifor konkurranse er viktig for forbrukarane og næringslivet og gjev auka kunnskap om konkurransereglane. Slik påverkar tilsynet aktørar til å opptre i tråd med konkurranselova, samt legg til rette for at fleire gjer beskjed til tilsynet når dei opplever åtferd som er i strid med konkurranselova.
Velfungerande internasjonalt samarbeid er viktig. Konkurransetilsynet har også i 2025 arbeidd for å hente erfaringar som kan styrkje handhevingsarbeidet vårt her heime. I tillegg til å rapportere om relevant regelverksutvikling, har tilsynet gjennom året også vore ein aktiv og konstruktiv bidragsytar i alle viktige internasjonale nettverk, ikkje minst gjennom samarbeidet mellom europeiske konkurransestyresmakter i European Competition Network (ECN) og som representant for Noreg i OECDs konkurransekomité. Det nordiske samarbeidet på konkurranseområdet er òg særleg viktig. Tilsynet var i september 2025 vertskap for dei nordiske konkurransestyresmaktene på det årlege nordiske møtet i Bergen.
Eg vart utnemnd som konkurransedirektør i slutten av august 2025 og tiltredde stillinga ved årsskiftet. Eg har verkeleg gleda meg til å ta fatt på oppgåva, og ynskjer at leiarbytet skal markere starten på ein ny fase i utviklinga av tilsynet. I stillinga mi vil eg leggje vekt på å skape eit godt arbeidsmiljø prega av ein god ytringskultur, tilrettelegging for effektivt samarbeid og med gode moglegheiter for kompetanseutvikling. For å kunne prioritere dei rette sakene og arbeide med desse effektivt, er det viktig å ha ein arbeidsplass der medarbeidarane trivst, ønskjer å jobbe og har eit langsiktig perspektiv.